Opnar for fem etasjar langs elva
Detaljreguleringa for elvepromenaden langs Oselvo opnar for inntrekt femte etasje i sentrum. Første etasjen skal nyttast til publikumsretta verksemder.
Torsdag i neste veke skal plan- og bygningsutvalet ta stilling til om detaljreguleringa for elvepromenaden frå osbrua til Pedersen sitt bygg i Landboden skal leggast ut til offentleg ettersyn.
Oppstart av planarbeidet blei varsla 24. april og det har kome inn åtte fråsegn frå offentlege instansar og fem private merknader.
Etter at desse innspela har kome inn har kommunen sine plankonsulentar hos 3RW Arkitekter AS utarbeid eit framlegg til detaljregulering.
Tar sju hovudgrep
I planutkastet kjem det fram at dei fysiske hovudgrepa som blir tatt er:
- Å legga til rette for ei promenadestrekning som knyt saman regulerte promenadestrekningar både nord og sør for planområdet.
- Å etablerar ein offentleg oppholdstad ved Oselva i forlenging av Øyro for å styrke forhaldet mellom bygata/sentrum og elva.
- Å opne opp Baronselva og tilgjengeliggjere Baronselva sin vannkant.
- Å opne siktlinje og muliggjør fysisk framkomst til Oselva fleire stader gjennom etablering av tverrgåande passasje.
- Å frigjera delar av området for biltrafikk og set fokus på mjuke trafikkantar.
- Å auke byggjehøgda med formål å gje større fortetting- og utbyggingspotensial med funksjonsblanding av bustad og næring.
- Å tilretteleggjer for eit allment tilgjengelig og publikumsretta gatenivå.
I saksutgreiinga skriv administrasjonen at «Planens hovudformål er å leggje til rette for etablering av promenaden langs Oselva på elvestrekninga som går gjennom Osøyro sitt sentrum (vestlDeg side av elva). Elvekantstrekninga som her gjeld er per i dag i privat eie, delvis utilgjengelig eller brukt som parkeringsplass, og generelt lite tilrettelagt som byrom for allmenn ferdsel og rekreasjon.
Regulering av delstrekninga tar sikte på å skape fysisk samanheng og kontinuitet med allereie regulerte promenadestrekningar både nord og sør for planområdet, samt med Osøyro sin eksisterande byromstruktur.»
Mogleg gangbru
Då store delar av planområdet er privateigd har kommunen vore avhengig av å finna løysinger i lag med grunneigarane.
Planen legg tilrette for, og følgjer opp tankane frå AsplanViak si stads- og moglegheitsanalyse med å skape eit nytt byrom ved elva i forlengelse av torget.
– Dette rommet blir kalla «Elveplassen» og vil, som forlenging av ein oppgradert Øyro, bli Osøyro sin viktigaste akse/byrom. Det vert lagt vekt på at området blir ein god stad å opphalde seg og ferdast gjennom for mjuke trafikkantar, skriv planavdelinga.
I detaljreguleringa blir det òg opna opp for ei framtidig gangbru over Oselva frå Elveplassen til austsida.
– Vurderinga skjer i samanheng med planarbeid knytt til Områdeplan for Os sentrum, heiter det i saksframlegget.
Inntrekt 5. etasje
Planforslaget opner for fire etasjar med ei inntrekt femte etasje. I tillegg legg ein opp til at utbyggjarane skal kunne nytta frikjøpsordninga som kommunen si parkeringsnorm opner opp for.
– Frikjøpsinnbetaling vil resultere i fleire kommunale midlar til å bygge ut felles parkeringsanlegg i sentrum. Dette vil frigjøre sentrumsområdet for biltrafikk, heiter det i saksutgreiinga.