Kultur | 06. feb. 2016

Opna utstilling med 300 bileter

Laurdag var det stilfull utstillingsopning på Oseana då Friskunst-utstillinga med 300 bidrag frå 4. klassingane blei opna.

Opna utstilling med 300 bileter
Kurator Marianne Gathe helsa dei unge kunstnarane ved utstillingsopninga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 06. feb. 2016 14:25

Bildeserie:

Kunstnarane var opptekne av å finna att sitt eige verk (foto: AH)
Kunstnarane var opptekne av å finna att sitt eige verk (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
Friskunst for 4. klassingane (foto: AH)
1 av 6

Friskunst er Oseana sitt skuleprosjekt kor 4., 6., 8. og 10. klasse får ulike pedagogisk tilrettelagte opplegg både i kunst og musikk.

– For fjerdeklassingane har vi invitert dei hit i Griegsamlinga. I år var det ekteparet Krohn som var temaet. Etter at eg hadde fortalt dei den spennande historia om Xan Krohn og Julie de Holmberg Krohn valgde elevane ut kvar sine bileter som dei henta inspirasjon frå, fortel Marianne Gathe, kurator ved Griegsamlingen i Oseana.

Alle var med

Gathe fortel om stort engasjement og om eit omfattande opplegg.

– Alle 4. klassene på samtlege barneskuler i Os har vore innom her. Tilsaman gjer det at utstillinga vi opner i dag omfattar omlag 300 teikninger, forklarte Gathe før utstillinga opna.

Alle gjorde sitt beste

Til utstillingsopninga blei det sjølvsagt servert brus og helde tale til kunstnarane.

– Alle har gjort sitt beste. Det har vore kjempekjekt å ha de på besøk.

– Det har vore litt av ein jobb å henge opp alle teikningane, eg var ikkje ferdig før seint i går kveld. No skal dei få henge ganske lenge i gangen ned, så skal eg samla dei saman og sende dei til kvar av skulene, så de skal få dei tilbake. Det var det eindel av dykk som var opptatt av, helsa Gathe før ho tok med seg ungane, foreldre og besteforeldre ned til utstillinga.

Det er tredje året Oseana skipar til utstilling med 4. klassingane sine teikningar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.