Sport | 30. mai 2017

Opna internasjonal bane på Bjørnefjorden

Os veteranenes bade- og petanqueklubb, betre kjend som tirsdagsgjengen, fekk æra av å opne Bjørnefjorden Golfklubb si nye petanquebane.

Opna internasjonal bane på Bjørnefjorden
Os veteranenes bade- og petanqueklubb sto for den offisielle første-matchen på den nye petanquebanen på Bjørnefjorden Golfklubb (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 30. mai 2017 11:40

Bildeserie:

Per Fosse, Hans Kristian Borgen, Leif Just- Olsen, Robert Træen, Leif Berge, Hans Ingebrigtsen og Norvald Kuven sto for opninga (foto: AH)
Per Fosse, Hans Kristian Borgen, Leif Just- Olsen, Robert Træen, Leif Berge, Hans Ingebrigtsen og Norvald Kuven sto for opninga (foto: AH)
Leif Berge fekk æra av å kasta grisen og det første kastet (foto: AH)
Leif Berge fekk æra av å kasta grisen og det første kastet (foto: AH)
Per Fosse er regjerande petanquemeister for sesongen 2016/17 (foto: AH)
Per Fosse er regjerande petanquemeister for sesongen 2016/17 (foto: AH)
Lett boy i knea for å få fin bane på kula frå Hans Ingebrigtsen (foto: AH)
Lett boy i knea for å få fin bane på kula frå Hans Ingebrigtsen (foto: AH)
Hans Kristian Borgen med kastet som landa nærast grisen (foto: AH)
Hans Kristian Borgen med kastet som landa nærast grisen (foto: AH)
Norvald Kuven landa like bak (foto: AH)
Norvald Kuven landa like bak (foto: AH)
Målet er å koma nærast grisen (den minste kula) (foto: AH)
Målet er å koma nærast grisen (den minste kula) (foto: AH)
1 av 7

Petanque, også kjend som boule eller boccia, er ein internasjonal idrett kor det kvart år blir kjempa om både verdsmeister- og europameister-tittel.

I tre år har dei gamle veteranane frå Os fotball helde på med kulespelet på Kuventræ. Tysdag fekk dei æra av å opne Os si første reine petanquebane.

– Vi pleide å spela bowling saman, men då bowlingen i Irisgården blei lagt ned, så måtte vi finna på noko anna å gjera. Etter ei badeøkt i Osbadet, vi bader, vi svømmer ikkje, så blei vi einige om at vi skulle satsa på petanque.

– Det var ein som foreslo dart, men han var så god i det, at vi andre protesterte etter ein gong, ler Robert Træen når Midtsiden møter gjengen på Bjørnefjorden golfklubb før den offisielle førstematchen. I tillegg til petanque driv gamlekarane felles styrketrening, bading og gir ut vekentleg avis på e-post.

– Dette er ein sosial greie for oss, sjølv om konkurranseinstinktet blir vekka til livet når vi møtast, men det viktigaste er å oppretthalde den venskaplige mobbinga og morsomheitene vi hadde i garderoben den gong vi spelte fotball i lag, seier Træen.

– Nesten for fin

Fram til no har Os veteranenes bade- og petanqueklubb, eller tirsdagsgjengen som dei sjølv kallar seg, spelt i kuleringen på Kuventræ, eller innandørs i klubbhuset på Kuventræ om været har vore for dårleg.

– Banen vi har bygd her oppe er med internasjonale mål på 4 x 15 meter og med ordentleg dekke. Den har nesten blitt for fin, smiler Erik Just-Olsen, medlem i tirsdaggjengen og styreleiar i Bjørnefjorden Golfklubb.

Banen har gjengen bygd på dugnad, med litt hjelp frå golfklubben.

Bjørnefjorden idrettspark

Styreleiaren fortel at etableringa av petanquebanen er ledd i ei større satsing for klubben på Hauge.

– Vi ønskjer at osingane skal komma opp her for fleire ting enn å spela golf. Vi har allereie fotballgolf som eit alternativ. No får vi petanque.

– Vi vurderar òg moglegheiten for tennis, som er verdas største individuelle idrett, og som vi ikkje har tilbod om i Os og moglegheiten for bueskytterklubben å nytta anlegget vårt.

– Bjørnefjorden golfklubb er som du skjønner i ein prosess med å utvikla området til å bli ein idrettspark med ei rekkje ulike aktivitetar, fortel Just-Olsen.

Kuler til leige

Det er ikkje berre petanquebanen golfklubben har investert i.

– Vi har også kuler og utstyr for utleige. Det er berre å samle ein gjeng vener og ta turen opp her. Vi leiger ut eit sett med kuler, for to personer, til femti kroner settet.

Dette er petanque

1. Petanque spilles mellom enkeltpersoner: singel (tete a tete), eller mellom to lag: dobbel (doublette) eller trippel (triplette). Hvert lag har seks kuler til sammen. Det vil si at spillerne i dobbelmatcher har tre kuler hver, mens i trippelmatcher har spillerne to kuler hver. Unntaket er i singel hvor spillerne har tre kuler hver, altså seks kuler totalt i kampen.
2. Hvem som skal begynne avgjøres ved loddtrekning. Myntkast er det vanligste.
3. En spiller fra det laget som vinner trekningen og dermed skal starte, tegner en sirkel (diameter 30-50 cm) på banen, cirka en meter fra kanten av banen, og når man kaster, skal begge beina være plassert i sirkelen.
4. Den første spilleren kaster målkula, også kalt grisen, mellom 6 og 10 meter ut fra forkanten av sirkelen.
5. En spiller fra kasterens lag spiller ut og kaster den første kula.
6. Nå skal en spiller fra lag 2 prøve å komme nærmere grisen eller skyve vekk kula til lag nr. 1. Lag 2 fortsetter til de har kula nærmest grisen.
7. Deretter kaster lag 1 igjen, og omgangen fortsetter til alle kuler er kastet.
8. Bare ett lag kan få poeng i hver omgang, og man teller etter hver omgang. Det laget som ligger nærmest grisen får ett poeng for hver kule som ligger nærmere enn motstanderens beste.
9. Etter hver omgang tegner det vinnende laget en sirkel i grusen og spillet fortsetter.
10. Kampen er slutt når et av lagene når 13 poeng. Husk at petanque er en gentleman’s sport. Vinn og tap med samme sinn… Vel, prøv så godt du kan, i alle fall.

Kjelde: Norges Fleridrettsforbund//Petanque (petanque.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.