Lokal | 10. mai 2016

Open kyrkje for alle som sørgjer

Etter dei tragiske hendingane med tre brå dødsfall på fem dagar blir Os kyrkje open samlingsstad tysdag kveld.

Open kyrkje for alle som sørgjer
Både porten og døra er open i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. mai 2016 09:09

Etter drapet søndag 24. april og helikopterulykka fredag 29. april er det mange i Os som sørgjer.

Os kyrkje ønskjer å tilby både tekst til ettertanke, ei stille stund med tenning av lys og litt musikk.

– Det blir òg rom for samtalar, om nokon ønskjer det, seier sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.

Ope for alle

– Både nære pårørande og andre som sørgjer eller føler behov for ei fredeleg stund er velkomen. Det gjeld òg dei som ikkje er direkte knytt til pårørande familiar.

– Det er ikkje alle som har følt seg nær nok til at dei har fått hjelp av det kommunale kristeteamet, men som likevel kan ønskja nokon å snakka med, eller berre det å vera saman i sorga.

Askeland har vore prest andre stadar og fortel at ho har vore med på at innbyggarar har sørgja lenge og kome på open kyrkje grunna heilt andre ulykker, tragiske hendingar som skjedde mange år i forkant.

– Alle er velkomne! Vi har laga eit lite program, dette startar klokka 19. Dørene blir opne så lenge det er behov for det, og minst til klokka 20.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.