Ope møte om Finnebrekka
Korleis kan sentrum austom elva utviklast? Kommunen inviterer deg til å seie di meining.
Torsdag ettermiddag inviterer Os kommune til ope folkemøte om utvikling av sentrum austom elva i storsalen i Kyrkjetunet.
– Dette er ein del av arbeidet med ny områdereguleringsplan, kor Asplan Viak no er tildelt arbeidet med å laga ein moglegheitsstudie for Finnebrekka-området, fortel Henning Wenaas Ribe, by- og arealplanleggar i Os kommune.
Vil ha svar på fem spørsmål
På møtet vil planavdelinga gå gjennom status i arbeidet med områdeplanen og Asplak Viak presentere korleis dei har tenkt å arbeide med moglegheitsstudien.
– Etter dette vert det eit opplegg for medverknad der tilhøyrarane får seie og vise kva dei meiner og tenkjer om Os si utvikling.
– Det blir stilt fem spørsmål om kva er det beste med Osøyro/Os sentrum, finst det stader/byar du meiner vi kan læra av i Os, kva bustadtyper manglar i Os sentrum, kva er Osøyro sin identitet og kva saknar du i Os sentrum.
– Møtet er ope for alle interesserte, avsluttar Wenaas Ribe.