Ope «hus» i Os på flåte til 30 millionar
Korps, ordførar og snorklipping når Bolaks sin nye fôrflåte tek turen til hamna i Os.
På onsdag kan alle som vil ta eit nærare blikk på den nye fôrflåten til Bolaks.
Flåten, med namnet Skavhella, er i skrivande stund på veg frå verftet på Karmøy, og skal plasserast ved anlegget utanfor Skavhella i Hatvik.men på onsdag tek flåten først ein tur innom industrikaien Os hamn.
Offisielt program og open flåte
Etter eit lukka program for inviterte gjestar vil det mellom klokka 16 og 18 vera eit offisielt program rundt flåten.
Dette fortel Business Controller i BolaksAS, Karina Antonsen Hjelle.
– Vi ønskjer å invitera alle i Os og Fusa som er interesserte i å delta på opninga og open flåte. Det vert vert velkomsthelsing frå dagleg leiar Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, helsing frå Steinsvik AS, som står bak bygginga. Ordførar Terje Søviknes vil klippa snora og Os skulekorps vil syta for den musikalske ramma rundt det heile, seier Hjelle.
Ei viktig investering
Hjelle fortel at den nye fôrflåten er ei viktig investering for Bolaks;
– Bolaks er stadig i utvikling, og denne flåten er ei viktig investering for både laksen, dei ansatte og Bjørnafjorden.
– Allereie på torsdag vil den bli kobla til landstraum og klargjort fram til utsett av smolt i august, avsluttar Hjelle.
Om flåten:
Lengde: 30 m, Bredde: 18 m, Høgd: 5 m.
Flåten blir stasjonert og kopla til landstraum ved anlegget Skavhella - As Bolaks sitt oppdrettsanlegg utanfor Hatvik i Os kommune - og inneheld bla. 6 fôrsiloar, opphaldsrom, veterinærrom, kjemikalierom, samt kjøkken, bad og garderobe.
Flåten er bygget av Steinsvik As på Karmøy, og er ei investering på nær 30 000 000 NOK.