Oppvekst | 14. juni 2024

Ønskjer tips etter fleire tilfelle av hærverk

I 2023 hadde kommunen 138 saker knytt til hærverk. Så langt i 2024 er det meldt inn 120 saker.

Ønskjer tips etter fleire tilfelle av hærverk
Dette er éin av seks lampar som er utsett for skadeverk på Kuventræ barneskule.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 14. juni 2024 14:40

Fredag ettermiddag fortel eigedomsdriftavdelinga i kommunen om ei rekke tilfelle av hærverk.

– Vi er fortvila. Mykje av tida vår går med til å rydda og reparera etter skadeverk, seier Torunn Paus, avdelingsleiar for elektrofag.

Ho fortel at det ofte er hærverk både innvendig og utvendig på skulebygg og andre stadar i kommunen.

– Nyleg har nokn knust seks utelampar på Kuventræ barneskule. Dette eine tilfellet kostar kommunen cirka 50.000 kroner å fiksa.

Ein av lampane som er utsett for skadeverk.
Ein av lampane som er utsett for skadeverk.

Hendinga skal mest sannsynleg ha funne stad natt til i går, torsdag 13 juni.

– Vi ønskjer tips frå publikum dersom nokon har sett noko, slik at vi kan få meldt saka.

Paus viser til at det blei nemnt i kommunestyremøte at Fjorden Arena strever med store kostnadar knytt til hærverk.

– Vi opplever det same på Os-sida, og ønskjer å setja lys på det. I staden for å vedlikehalda bygga våre må vi reparera etter hærverk.

I bildeserien under er det nokre eksempel frå ymse skadeverk gjort i kommunen den siste tida.

Bildeserie:

1 av 11

I 2023 hadde eininga 138 saker knytta til hærverk. Så langt i 2024 er det meldt inn 120 saker. Av dei 120 sakene, er det registert kostandar på 14 av dei.

– Berre dei 14 sakene kostar kommunen 82.902 kroner.

– Éin ting er dei faktiske kostnadane knytt til materialinnkjøp og timane knytt til dette, men det gjer ikkje godt for reknskapen at vi ikkje får nytta ressursane våre til det dei faktisk er tiltenkt - fornying, vedlikehald og å halda bygga våre gode.

Paus håpar folk er flinke å gi beskjed generelt om dei oppdagar hærverk.

– Hærverk kostar innbyggarane skattepenger. Det er vi som bur i kommunen som må betala utgiftene.

Paus kjem òg med ei oppmoding til foreldre om å ta ein prat med ungdomen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.