Politi | 29. okt. 2023

Ønskjer tips etter eggkasting

Farleg leik på Søre Neset laurdag kveld.

Ønskjer tips etter eggkasting
Egga skal ha blitt kasta frå brua som går frå Lekvenvegen til Nilsavegen, ikkje denne på bildet, som er nær Klasavegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. okt. 2023 08:03

Laurdag i 20-tida fekk politiet melding frå ein bilførar som fortalte om eggkasting.

– Nokre ungdomar skal ha stått på ei av bruene som går over E39 Halhjemsvegen og kasta egg på bilar som køyrde i 70-sona, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Brua dei skal ha kasta frå er den som går frå Lekvenvegen til Nilsavegen.

Politiet hadde ikkje ledig kapasitet til å senda patrulje til staden, og ber om tips for å følgja opp saka.

Tidlegare laurdag, frå klokka 09 til 10.30, hadde politiet promillekontroll på Byvegen på Søfteland.

– Dei sto ved Søfteland barneskule. 62 trafikantar blei kontrollerte og dei fann ingenting å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.