Ønskjer skilt
17 meter langt vogntog kjørte seg fast i Rødsliane tysdag. No vil politiet har forebyggande tiltak med skilt på Hauge og i Hisdalen.
For n-te gang stoppa politiet eit utenlandsk vogntog i Rødsliane i Hegglandsdalen tysdag.
– Den utenlandske føraren fekk eit forelegg på 3000 kroner og blei halden igjen ei god stund til han hadde fått gjort opp for seg, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Maks 12,4 meter
Vogntoget dei stoppa i går hadde ei lengd på 17 meter.
– Maks lengde på vogntoga på fylkesveg 175 gjennom Hegglandsdalen er 12,4 meter.
– Som eit forebyggande tiltak har vi spelt inn tidlegare både til kommunen og til Statens Vegvesen at det burde kome skilt på Hauge og i Hisdalen som orienterer om denne begrensinga.
– Førerane av vogntoga pliktar å gjera seg kjende med veglistene som opplyser om maks bredde og lengd på dei vegane dei har tenkt å køyra, men vi ser jo stadig at dei likevel kjører desse strekka, anten det er i Hegglandsdalen, Langedalen eller Søvikåsen, seier ein litt oppgitt politioverbetjent.
Sperrevik skilt på desse strekka kan kome på plass, slik at vogntogførerane blir merksame på begrensingane og kan få snudd før dei står fast i krappe svingar på smale fylkesvegar.