Ønskjer kontakt med syklist etter forbikøyring
Ei forbikøyring onsdag blei meldt fredag. Politiet vurderer å oppretta sak.
Fredag fekk politiet melding om ei hending på Hatvikvegen onsdag, på veg mot ferja som gjekk klokka 15.10.
– Meldar fortel om offensiv køyring av bilen såg låg tett bak han og blinka med lysa, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
– Dei skal begge ha hatt god tid til å nå ferja, og det var mykje møtande ferjetrafikk, men i siste sving før kaien skal vedkomande ha gjennomført ei risikofylt forbikøyring og vore nær på å køyra ned ein syklist.
Meldar snakka til bilisten på ferja, men opplevde vedkomande bilførar som aggressiv.
– Vi har kjenneteikn på bil og personalia på bilførar. Vi vurderer å oppretta sak, men ønskjer kontakt med vedkomande syklist eller andre vitne til forbikøyringa, seier Lyssand.
Politiet fekk òg melding om stygg køyring på Søfteland i 19-tida laurdag kveld. Ein bil hadde køyrd forbi 2-3 andre i høg fart, men politiet hadde ikkje ledig kapasitet.
Køyrde inn i sentrum etter klokka 23
Natt til laurdag stoppa politiet ein bil som trassa innkøyring forbode etter klokka 23 i Os sentrum.
Vedkomande beklagde seg, og sa han skulle henta to venninner på Catten. Han slapp unna med ei åtvaring. Politiet oppdaga òg at bilen hans ikkje var omregistrert. Bilførar hadde ikkje med seg kodebrikke til å gjennomføra dette på nett på strak arm, men lovde å få den omregistrert med det same han kom heim.
To bilar utan EU-godkjenning
Natt til søndag stoppa politiet to bilar på Nore Neset, ingen av dei var EU-godkjende.
Begge hadde vore inne til kontroll, og var i ferd med å utbetra manglane, og begge slapp unna med muntleg åtvaring.
Søndag klokka 15.30 tok politiet skilta av ein lastebil på Hatvikvegen. Lastebilen var ikkje omregistrert.