Ønskjer å kjøpa Oshjørnet
Os Bygg og Eigedom AS er nesten i mål med forhandlingane med eigarane av Oshjørnet.
I februar la Bb Eiendom Invest i KS (BBEI), fondet som eig fleire av dei største bygningane i Os sentrum, 4000 kvadratmeter ut for sal.
Les òg: Halve Osøyro lagt ut for sal
Arealet som blei lagt ut for sal omfattar blant anna Oshjørnet.
– Vi er førebudd på å selja leilegheit for leilegheit om vi må det, men eg håper for Osøyro sin del at dette blir selt samla, sa Terje Haugan, representant for BBEI.
– Om det blir mange eigarar i denne bygningen er det vanskeleg å sjå for seg at den nokosinne vil få ny fasade eller noko form for utviding.
Kommunalt selskap vil overta
No går det mot handel med det kommunalt eigde selskapet Os Bygg og Eigedom AS.
– Før helga blei vi einige, no står det berre litt arbeid igjen før vi kan signera kjøpskontrakt, seier Ottar Randa, direktør i Os Bygg og Eigedom.
– Om alt går som vi håper blir det ikkje lenge til vi har ei avklaring om kjøp, legg han til.
Avtalen omfattar Oshjørnet og "kaitomta", tomta mellom Oshjørnet og det gamle bankbygget der GH Interiør held til. Bank-bygningane og Buggegården er ikkje del av avtalen.
– Det er teikna inn næring og bustad på delar av kaien, men denne ser vi føre oss skal stå utan bygningar, for å sikra ei opning mot elva.
– Eit viktig bygg
Randa seier at Os Bygg og Eigedom og Os kommune ser på Oshjørnet som eit viktig bygg i sentrum.
Han understreker samtidig at dialogen med dei åtte huseigarane i kvartalet som omfattar Drageset, Fagerthun, Lepsøe, Askvik, Kleiven og Neverdal sin eigedomar held fram.
– Den prosessen er meir omfattande og tidkrevjande, Oshjørnet er eit prosjekt som på kort sikt kan gje sentrum eit løft.
– Det ligg godkjent rammevilkår for utviding så her kan det koma sal og bygging ganske rakst.
Om det blir handel blir Oshjørnet likevel ikkje selt heilt samla, to seksjonar er nemleg allereie selt til ein annan kjøpar.