Om å brøyta seg fram
Lesarinnlegg: Astrid Dale (V): Nokre tankar rundt Nasjonal Transportplan og dette med å brøyta seg fram…
Så kom endeleg Nasjonal Transportplan som skal leggja føringane for vidare utvikling av infrastruktur for heile landet vårt både på sjø og land.
Det var godt å lesa at det også skal satsast på meire transport av gods sjøvegen. Det er flott å tenkja at eit lasteskip kan erstatta 30-40 store kjøretøy på vegane våre. At verdas første skipstunnel no endeleg skal byggjast er eit fantastisk prosjekt som berre må bli ferdig snarast.
Faktisk kan det gå hurtigbåtar trygt mellom Stavanger i sør og Ålesund i nord gjennom tunnel, og binda Vestlandet sør og nord for Stadt saman. For sjømatnæringa vil dette få positive følgjer, heilt klart! For miljøet – også veldig bra!
For vår region er det godt at vegen Svegatjørn-Rådal er inne i planen. Den vegen treng vi, - og den løyvinga jublar vi for!
Vegane våre i vinter har ikkje nett vore behagelege å kjøra på!
Brua over Bjørnafjorden – den var ikkje nevnt i same plan. Kvar vart den av?
Tenk hvis desse sterke næringskreftene i Hordaland og Statens Vegvesen hadde hatt litt klarare gangsyn og satsa på indre alternativ som ferjefri E39. Ein veg som vi treng og som kan knytta oss saman nord-sør og aust-vest på same tid. Johannes Sørli har mange gode framtidsretta argument for denne traseen i sine avisinnlegg.
Den forhasta planlegginga av ei gigantbru over Bjørnafjorden måtte kjempast fram utan hensyn til miljø, utan dokumentasjon på ilandføring, og utan informasjon til befolkningen som blir berørt av eit gigantprosjekt som denne brua med tilknytta vegnett ville blitt i naturen vår.
Hvis desse kreftene ikkje hadde brøyta seg fram, hadde kanskje Hordfast vore inne i NP ?
Det er nærliggjande å tru at politikarane i Oslo ikkje kunne gå inn for eit prosjekt som har møtt så høgrøysta, fornuftig motstand og som det har teke så kort tid å prosjektera.
Har dette hardkjøret på å få bruprosjektet fram gjort at vi no ikkje er tilgodesett med millionar (milliardar) til ferjefritt samband i Hordaland på mange år?
Å brøyta seg fram for å oppnå nye verdsrekordar utan å ta hensyn til miljø eller å gi korrekt informasjon ut til folket - det er ein uklok framgangsmåte å bruka.
Eit pusterom får vi når no denne brua ikkje er med i planen for denne gang.
Til Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden: De har gjort og gjer ein fantastisk jobb! EG HEIA PÅ DÅKE!!
Astrid Dale
Styremedlem i Os Venstre