Olsen til Lysekloster
Med Øyvind Neset Olsen styrkar Lysekloster stallen med nok ein 2. divisjonsspelar.
Frå før har 5. divisjonsklubben, som har som mål å rykka opp for tredje år på rad, sikra seg Os-spelar og tidlegare Lysekloster-spelar Baste Jonassen og dei to Fana-spelarane Torbjørn Birkelund (28) og Kim Idar Krogsethagen (27).
No har nok ein tidlegare Fana-spelar funne vegen til Lysefjorden.
- Øyvind Olsen gjekk frå Fana til Åsane før førre sesong. I haust slutta han i klubben, no er vi glad for at han valte oss, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Offensiv i stilen
Olsen speler midtbane og angrep, men kan også brukast i forsvar.
- Han er ein tydeleg figur på banen, sikker med ball og offensiv i spelestilen, han er ein eg har følgt med på lenge.
Skal bidra i klubben
I fjor spelte han 9 seriekampar for A-laget til Åsane på vårparten, i haust blei det noko mindre speletid. Olsen er 23 år, bur i Bergen og jobbar på Bergen kino.
- Øyvind kjem til å styrka stallen vår og samtidig bidra med ungdomen i klubben i fotballakademiet vårt, fortel Sandal.
- Er jakta på nye spelarar over, eller er det fleire på veg?
- Vi trengte litt større stall, vi merka det i haust, med nytt andrelag. Då begge laga våre rykte opp blei det klart at vi trengte å styrka oss ytterlegare, og det har vi gjort. Vi er ikkje lengre ute og ser etter spelarar, men det kan koma nokre til.
Samleside:
Alle saker om Lysekloster fotball