Oljesøl og bråtebrenning
Brannvesenet rykte ut på brot i hydraulikkslange på ferje på Halhjem, for 3. eller 4. gong, og til det mange trudde var bustadbrann i Os sentrum.
Tysdag kveld i 19.20-tida fekk Midtsiden tips om bustadbrann rett nord for Os sentrum.
Mykje røyk kom nedover Osdalen mot sentrum. Brannvesenet fekk fleire telefonar på det som viste seg å vera bråtebrenning i Granlia.
– Det var minst fire forskjellige som ringte oss og varsla brann, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Bålbrennaren fekk beskjed om å sløkka brannen.
– Sjølv om det er forbod mot open eld i utmark er det lov med små hagebål, for å brenna hageavfall.
– Men her var det snakk om friske greiner med mykje blad på, og solgansbris som sendte røyken mot naboar og ned mot Os sentrum, seier Gjøsund.
40 liter olje ut i sjøen
Fredag varsla Fjord1 om forureining i sjøen ved Halhjem.
– MF Fanafjord hadde hatt brot på ein hydraulikkslange og 30-40 liter olje hadde hamna i sjøen.
Brannvesenet prøvde å lensa den vekk, men olja var for flyktig og blei liggande å fordampa.
Forureininga er notert og rutinemessig rapportert til Kystverket.
– Det er bra at Fjord1 melder ifrå, men ikkje så bra at dette har skjedd 3-4 gongar med gassferjene. Selskapet bør sjå om det er noko dei kan gjera med utstyr eller rutiner som hindrar meir søl i sjøen, seier Gjøsund.