Olis tatt ut til Statoils talentleir
Os-spissen Ole Martin Lekven Kolskogen er ein av få i Noreg som er tatt ut til Statoils talent leir i juni. Tidlegare har Martin Ødegaard og Mats Møller Dæhlie deltatt på leiren.
Statoil sin talentleir er ein areana som er det aller næraste ein 15-16 åring kan koma ein landslagssamling. Kun dei beste fotballtalenta i Noreg blir plukka ut av fotballforbundet til å delta på leiren.
Spiss-talentet Ole Martin "Olis" Lekven Kolskogen for Os Turn er tatt ut til samlinga i Porsgrunn i juni, kor landslagstrenarane Gunnar Halle (G16) og Erland Johnsen (G15) er med som trenar og inspirator.
Les òg: Ole Martin og Madelen tatt ut på landsdelssamling
– Denne talentleiren handlar om å løfta fram morgondagens fotballheltar, og gje dei ein ekstra motivasjon til å fortsetta den gode utviklinga. Held dei utvalde talenta gløden, innsatsen og læringsfokusen på topp vil dei nå langt, seier Karen Onsager Keiserud, marknadsdirektør i Statoil i ei pressemelding.
Talenta som er plukka ut er vurdert som hakket under landslagsnivå, men all historikk tilseier at dei like gjerne er dei som tek dei lengste stega til slutt.
Grundig uttaksprosess
Treningsleiren er ein del av talentutviklingsprogrammet Morgondagens Heltar, som Noregs Fotballforbund og Statoil samarbeider om. Leiren utgjer toppen av Landslagsskulen til NFF.
– Aldri har uttaksprosessen vore så grundig som i år. Uttaket er basert på det spelarane har prestert på klubb- og kretslag.
Kjempar om landslagsplass
I tillegg til dei uttekne, deltek også G15 og G16-landslaget på talentleiren. Treningane på leiren vil handla om å styrke individuelle ferdigheiter ytterlegare. Utøvarane er difor fordelt i eigne grupper for keepere, spisser, midstopparar, backer og sentrale- og offensive midtbanespelarar.
– Dei beste spelarane frå kvar gruppe skal mot slutten danne eit G15- og G16 utfordrarlandslag som skal møte kvart sitt landslag.
– Tradisjonelt sett er det hårfine forskjeller blant dei to nivåa, og fleire av utfordrarane har dei siste åra spelt seg rett inn i landslagstroppen, fortel Keiserud.