Nyttårshelsing 2011-2012
Lesarinnlegg, ordførar Terje Søviknes (Frp): 2011 går i dag over i historia. Det gjev høve til litt refleksjon om året som ligg bak oss, og det nye vi går inn i.
Lokalt kan vi trygt seia at 2011 har stått i Oseana sitt teikn. Etter nesten 5 års intensiv planlegging og bygging kunne vi 17. til 26. juni ta del i tidenes opningsfest med nær 12.000 besøkjande på Mobergsneset. Haustsesongen har også vore ein lang opptur med førestellingar og konsertar for små og store. I ein oppstartsfase vil det alltid væra forbetringspotensiale, og driftsorganisasjonen i Oseana KF arbeider målretta med dei små detaljane som kan gjera totalopplevinga endå betre. Det same gjer Restaurant Færingen, som har hatt ein solid opptur mot slutten av året. Eg trur også at vi alle ser fram til at parkeringstilhøva ved senteret skal betrast etter kvart som Os Sjøfront-anlegget vert ferdigstilt.
Utbygginga av Oseana og Os Sjøfront varslar på mange måtar starten på ei ny tid for Os og Osøyro.
Som eit direkte resultat av Sentrumsplanen som vart vedteken i 2007, er no fleire større bustad- og næringsprosjekt under utarbeiding på Osøyro. Os Sjøfront, ”Livet langs linjo” frå Statoilen til Kvednelva, Landboden/det gamle Badet og dei planlagde utbyggingane bak Os Eldresenter og Irisen vil samla gje 4-500 nye sentrumsnære bustadar og attraktive næringslokale. I tillegg får vi høve til å modernisera deler av bygningsmassen, og løfta fram gode sentrumskvalitetar i form av gateløp, byrom, grøntanlegg og gangvegar langs til dømes Oselva. Dette vil styrkja Osøyro som framtidig handelsstad og regionsenter for bjørnefjordskommunane.
I samband med den venta folkeveksten i bergensregionen dei komande 30 åra har fylkeskommunen og fylkesmannen understreka behovet for å styrkja regionssentrra rundt Bergen; Straume, Kleppestø, Knarvik og Osøyro.
Fellestrekk vert gode mat-, kultur- og opplevingstilbod, service, handel og urbane bustadtilbod knytt til eit godt utbygd kollektivtilbod. I Os har vi alle føresetnader for å lykkast i dette arbeidet, og truleg bør vi på nytt vurdera konseptet Fjordbyen Os for sjølve sentrumskjernen.
Elles vert 2012 eit nytt spennande år for E39-prosjektet.
Seinhaustes 2012 får Stortinget saka til endeleg handsaming, og byggjestart for hovudprosjektet vil finna stad hausten 2013. Parallelt jobbar vi med ei mogleg forsering av byggjestart med eit år, gjennom at Hordaland fylkeskommune kan forskotera anleggsvegen inn i Endelausemarka. Anleggsvegen vert samstundes fundamentet for den framtidige fylkesvegarmen frå E39 til Lysefjorden. Uansett er det forventa at heile prosjektet E39 Os-Bergen står ferdig i 2018. Då skal også Os ha fått opparbeidd eit av dei mest attraktive næringsareala i Bergensregionen gjennom Lyseparken. Også i høve Lyseparken vil osingane får presentert meir detaljerte utbyggingsplanar det kommande året.
På den kommunale sida vil bygginga av ny brannstasjon på Moberg, og oppstart av fleire viktige skuleutbyggingar, prega bildet neste år.
Samstundes er det viktig å halda fokus på dei nære ting i den daglege tenesteproduksjon – service og kvalitet i dei direkte møta mellom tilsette i kommunen og alle våre tenestemottakar. Det er her vi kvar dag, året gjennom, gjer misjonen vår, Livskvalitet for alle, til røyndom. Ofte gjennom det lille ekstra, - eit smil, litt ekstra service eller omsorg, ein klem eller eit klapp på skuldera. Takk til kvar og ein av dykk for innsatsen i 2011!
Takk òg til alle våre samarbeidspartnarar, til administrasjonen og det politiske miljøet i Os. Trass i politisk debatt, og tidvis usemje i strategival og løysingar, er vi i den store samanheng samde om måla og visjonane for Osbygda. Det er ein stor styrke for Os.
Vi står no på terskelen til eit nytt spennande år, med nye moglegheiter og utfordringar. I fellesskap skal vi løfta Os vidare. Eg nyttar difor høve til å takka dykk alle, gamle og nytilflytta osingar, for engasjement i året som ligg bak oss, og ønskjer alle eit riktig GODT NYTT ÅR!
Terje Søviknes (Frp)
Ordførar, Os kommune