Lokal | 20. nov. 2010

Nytt tilbod på Ravneberghaugen

Ravneberghaugen rehabiliteringssenter opna fredag sitt nye dagtilbod.

Nytt tilbod på Ravneberghaugen
Andris Hamrelaurdag 20. nov. 2010 09:58

Fredag kunne endeleg leiar Ranveig Klingsheim ta i mot gjester og samarbeidspartar til opning av det nye dagsentertilbodet på Ravneberghaugen. No manglar ho berre pasientane.

- No har dykk sett kor fint vi har fått det, no treng vi hjelp til å spreie informasjonen om tilbodet, sa Klingsheim i si helsingstale til dei frammøtte.

Frå 1. oktober har Ravneberghaugen inngått avtale med Helse Vest om 6 dagpasientplassar innan spesialisert rehabilitering. Målgruppa er pasientar i yrkesaktiv alder med muskel- og skjelettskader.

- Det er eit gruppebasert tilbod med individuell oppfølging der vi jobbar etter ein filosofi med motivasjon, menstring og bevegelsesglede, forklarte Klingsheim.

Fekk prøvd seg
Bevegelsesglede fekk dei frammøte oppleve då fysioterapeutane ved senteret skulle presentere korleis dei jobba. Her var det linjegymnastikk og "hode-skulder-tå" for alle og einkvar.

Også dei andre i det tverrfaglege behandlingsteamet fekk presentera si rolle i arbeidet, endog i litt rolegere former gjennom dikt og historiar.

Inspirerande
På vegne av Os kommune hadde ordførar Terje Søviknes med seg ein blomsterhelsing og ein Os Inspirerar-plakett som han håpa Ravneberghaugen ville montere på det nye tilbodet.

- Vi er utruleg glade for at Ravneberghaugen blei valgt som dagsenter av Helse Vest, opna ordføraren si helsing med.

- I Os inspirerer har vi ein verdi som seier at vi skal skape livskvalitet for alle. Etter å ha høyrd og opplevd presentasjonen er eg sikker på at Ravneberghaugen kjem til å skape livskvalitet for dei pasientane som kjem til dagsenteret, avslutta Terje Søviknes si helsing.

- Dette er framtida
Stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) hadde òg teke turen til sin gamle arbeidsplass. (Laila blei tilsett som leiar på Ravneberghaugen berre månader før ho blei valt inn på Stortinget).

- Dette er framtida. Det å laga eit dagsentertilbod kor pasientane bur heime og kjem her for opptrening og behandling er den rette måten å gjera det på, meinte Reiertsen.

- Eg har vore rundt i heile landet det første året på Stortinget og overalt kor eg kjem kjenner folk til Ravneberghaugen, så at dykk har eit godt rykte og er vel kjente er det ikkje tvil om. Eg kan lova at eg skal gjere det eg kan for å sprei informasjonen om det nye tilbodet, avslutta Laila Reiertsen.

Dette er dagsentertilbodet

  • Etablert i den gamle bestyrarbustaden på Ravneberghaugen
  • 6 - 8 dagplassar kor pasientane bur heime
  • Tverrfagleg team med to sykepleiarar, to fysioterapeuter, ein ergoterapeut og ein lege.
  • Gruppebasert behandling med individuell oppfølging
  • Behandlinga strekk seg over fire veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.