Nytt styre i MDG Bjørnafjorden
Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden har hatt årsmøte.
Laurdag 5.februar gjennomførte Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden årsmøte på rådhuset, og både nye og gamle medlemmer gleda seg over at vi endeleg kan treffast fysisk igjen.
– Møteleiar Josefine Gjerde frå Bergen MDG losa oss effektivt gjennom agendaen og sørga for at både årsmelding og rekneskap for 2021 vart godkjent, og at eit nytt styre og komitear er på plass for 2022, seier styreleiar Trine Hofsvik Strønen.
Etter det offisielle programmet var gjennomført vart det tid til politisk meiningsutveksling om vegen vidare inn i det grøne skiftet, og småprat over ein kaffikopp.
Styret for Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden 2022 er:
Trine Hofsvik Strønen (leiar)
Mai-Britt Lundervold
Geir Fossåskaret
Knut Børgesen
Karl-Magnus Forberg Eikeland (ikkje med på biletet)
Anne K. Bang (vara)
Henriette Bruarøy Øverli (vara)
Peter Holmkvist (vara) (ikkje med på biletet)