Kultur | tolv timar sidan

Nytt semester starta med interrail for vaksne

Lars Kristian «Lasse» Strønen fortalte 15 år gamle Os Senioruniversitet om ei reise på 66 dagar.

Nytt semester starta med interrail for vaksne
Strønen fekk fine tilbakemeldingar og blomar som takk for foredraget. Foto: privat
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 15. jan. 2025 06:00

Os Senioruniversitet starta 2025-semesteret i går, måndag 13. januar, med føredrag om interrail for vaksne.

Lars Kristian Strønen tok 138 frammøtte med seg gjennom bilde og skildringar på tur i Aust- og Sør-Europa.

Togturen han gjenskapte i Oseanasalen var den same han tidlegare har gjennomført saman med kona Inger.

12 land på 66 dagar

– Det var veldig kjekt å bli invitert til å fortelja om turen. Eg skreiv dagbok under reisa, så materialet låg der, seier Lars Kristian «Lasse» Strønen.

Han og kona kjøpte interrail-billett for to månadar. I forkant var det fly til Budapest, der dei var fire dagar. Turen blei avslutta i København, der dei tok to dagar.

– Målet var å besøka mange stadar vi ikkje har opplevd før. Fleire av desse var i Aust-Europa.

Av 12 land var dei innom blant anna Ungarn, Slovenia, Romania, Serbia og Montenegro.

Paret brukte halvanna år på å planlegga turen, men dei stressa ikkje med å rekka innom mest mogleg.

I Sør-Italia blei det ti avslappande dagar i strekk.

– Men vi måtte jo innom Vesuv og Pompeii, seier Lasse, som er geolog, og gjekk av med pensjon i fjor sommar.

– Har du sjanse å velja ut eit høgdepunkt på reisa?

– Ja. Togturen med Glacier Express frå St Moritz til Zermatt i Sveits var ekstra fin!

– Reiselysta blei trigga

– Eg synes det var veldig interessant, seier medarrangør og førelesningsdeltakar Karl Johan Kleppe i Os Senioruniversitet.

Han er ikkje heilt overtydd om at interrail er reisemåten han vil velja med det første.

– Interrail kan vera ganske anstrengande. Du bør vera frisk og rask og vant til å reisa, trur Kleppe.

Reiselysten blei trigga likevel.

– Vi fekk høyra historie og sjå mange fine plassar, så eg kunne tenkt med å reisa til fleire av stadane. Men kanskje ikkje med tog.

På spørsmål om du treng å vera ung eller i god fysisk form for å velja interrail, svarer Lasse nei.

– Du vel alt sjølv, både kor lange togturar du vil ta, kor lenge du vil vera på kvar stad og om du vil gå på fjelltur når toget er framme.

– Sjølve reisa er ein vakker del av turen, med all landskapen du får sjå langs skjenene. Vi hadde berre éi natt om bord på toget, dei andre reisene var på dagtid. Turen vår blei akkurat som vi hadde håpa på, seier Strønen.

Han fylte 70 år i fjor og var, då Midtsiden ringte i dag, opptatt med å pakka kofferten for 2,5 månadar i Brasil, der han og Inger har leilegheit.

Serverte jubileumskake etter togturen

Os Senioruniversitet blei stifta 9. november 2009, med semesterstart på nyåret 2010.

Dei kunne i går markera 15 år med fagleg påfyll og livslang læring.

– Vi serverte kake og kaffi etter føredraget, seier Kleppe.

Med 138 deltakarar var frammøtet litt betre enn snittet frå i fjor, som var på 120 deltakarar.

– Vi har ein oppadgåande trend når det gjeld deltakarpublikum.

Rekorddeltakinga fekk dei i fjor, då Bård Ose inviterte til musikalsk reise.

Senioruniversitetet er ein ideell organisasjon for ikkje-yrkesaktive medlemar.

Dei organiserer føredrag, kurs og gruppeaktiviteter for dei som vil engasjera seg i ulike fag og emne utan mål om å oppnå formell kompetanse.

Meir å læra: geografi, biologi og historie

Vårsemesteret starta med interrail for vaksne i ord og bilde.

Framover blir det fleire moglegheiter for fagleg påfyll. Ferda vidare går til Grønland, India, hjernen og spørsmålet om dødsstraff i etterkrigstida.

Vårsemesteret 2025 byr på desse måndagsførelesingane:

  • 10. februar: SJUR LOTHE: Helge Ingstad og Grønland
  • 10. mars: TORBJØRN FÆRØVIK: Eventyrlege India
  • 7. april: PER BRODAL: Den aldrande hjernen og læring
  • 5. mai: STEINAR BIRKELAND: Dei siste dødsdømte

I februar vil Os Senioruniversitet opna nye nettsider. Fram til dess, kan dei som vil halda seg oppdatert lesa om programmet på programoversikta til Osena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.