Lokal | 12. mars 2016

Nytt NM-gull og ny pers til Ariel

Ariel Braathen vann 200-meteren og sette nok ein ny personleg rekord i kortbane-NM i Stavanger i ettermiddag.

Nytt NM-gull og ny pers til Ariel
Ariel sikra seg nok ein siger i Kortbane NM i Stavanger. I tillegg sette ho ny personleg rekord på 200 meter. (Arkivfoto: Bjørn Arne Braathen)
Cathrin Valestrandlaurdag 12. mars 2016 17:57

I forsøket tidlegare i dag kom ho inn på 2.28,64.

I finalen på 200 meter bryst leia Ariel heile vegen, og kom i mål på tida 2.27,11.

Med desse tidene slo ho sin eigen pers med 0,3 sekund.

Les òg: Noregsrekord og NM-gull til Ariel (frå i går)

(Persen på langbane er 2.31,96, men det er ikkje samanliknbart med kortbane.)

Var spent før start

Etter den fantastiske starten i kortbane-NM, med gull på 50 meter i går, sa Ariel:

– Eg er alltid mest nervøs før 200 meter, men eg føler at det å vera spent hjelper meg, så eg gler meg veldig!

Midtsiden gratulerer med eit fantastisk resultat!

Søndag står 100-meteren for tur.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.