Nytt forslag til P-hus
Prosjektleiar Tor Inge Døsen viste ny skisse til P-hus på Øyro for politikarane tysdag.
I oktober i fjor kom forslaga til nytt parkeringsanlegg i Os sentrum, i februar sa formannskapet at dei ikkje ville gå vidare med nokre forslaga.
Les òg: Slepp truleg å pæla
Prosjektet hamna på bordet hos Os kommune sin eigen prosjektavdeling, og under budsjettkonferansen i dag presenterte leiar Tor Inge Døsen nye skisser.
– Eitt av problema med forslag vi fekk inn i fjor var at ingen av arkitektane hadde tenkt på at dette skulle byggast.
– Kor skal bussane gå mens bygginga pågår og korleis kan vi bygga i fleire trinn fram til riksvegen eventuelt blir flytta nærmare Statoil? Du kan ikkje koma med helikopter og berre setja parkeringshuset ned på tomta, sa Døsen til Midtsiden før presentasjonen.
3 x 53 plassar
I teikningane som blei vist fram i dag er det fri køyrehøgd på fem meter for bussterminalen og tre etasjar med parkering i nybygg over terminalen. Dette er inkludert parkering på taket.
Døsen seier enkelte har reagert på storleiken på skissene, sjølv om desse er nesten ein tredel av storleiken på det arkitektane i fjor fekk i oppdrag å skissa.
Mellombels bussterminal framfor rådhuset
Mens bygginga pågår foreslår prosjektleiaren å ha bussterminal på delar av parkeringsplassen framfor rådhuset.
– Då bruker vi berre av eige areal, vi er ikkje avhengig av andre for å løysa byggeprosessen.
Innan reguleringsplanen
I presentasjonen til budsjettkonferansen fortalde Døsen at den reviderte planen er innan gjeldande reguleringsplan.
– Det var jo noko av problemet med dei forslaga vi fekk sist.
– Korleis det skal finansierats er noko vi må utgreia vidare. Det ligg ikkje midlar til det i økonomiplanen, men det kan vera ein tanke å overlata det til det heileigde kommunale selskapet Os Parkering AS, og at dei òg tar finansieringa av det, forklarte Døsen.
Prisen er venta å ligga på rundt 40 millionar kroner.
Kva med resten av sentrum?
Eit anna aspekt som må diskuterast vidare er kva ein gjer med dei andre parkeringsplassane i sentrum.
– De må ta ei politisk drøfting på korleis framtidas parkering i Os skal vera. Eg vil tru at eit slik parkeringshus vil vera betalingsbasert. Då er det eit spørsmål om kva ein skal gjera med resten av sentrum. Det skal ikkje eg ta stilling til her, men det må koma ei drøfting på det.
– Har sentrumsforeninga vore inne i diskusjonane, undra Helge Steinum (Ap)
– Nei, dette er første gong dei nye teikningane blir presentert. Men det er klart at dei må vera med i diskusjonen vidare, svarte Døsen.