Kultur | 16. jan. 2017

Nytt album med hissig dødsmetall

Neoplasma er klare med sitt andre album. I slutten av januar er det sleppefest i Bergen.

Nytt album med hissig dødsmetall
Neoplasma er klare med sitt andre album. F.v.: Jørgen Omre Larsen, Ivan Rolstad, Patrick Gaassand, Martin Aarland og Christer Havsgård. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. jan. 2017 13:34

Bildeserie:

Ivan Rolstad. (Foto: KVB)
Ivan Rolstad. (Foto: KVB)
Christer Havsgård. (Foto: KVB)
Christer Havsgård. (Foto: KVB)
Jørgen Omre Larsen. (Foto: KVB)
Jørgen Omre Larsen. (Foto: KVB)
Martin Aarland. (Foto: KVB)
Martin Aarland. (Foto: KVB)
Patrick Gaassand. (Foto: KVB)
Patrick Gaassand. (Foto: KVB)
1 av 5

Sagt om Neoplasma: Melodiøs, progressiv death metal. Beinhard systematikk. Brutalt, tight og velspelt.

– Noko med det eg gler meg mest til er å visa Neoplasma til bergensarane. Dei 18-20 år gamle knallharde og dyktige musikarane i Neoplasma er rockeklubben sin skjulte juvel, sa Kjetil Osablod Grønvigh, som leiar for Os Rockeklubb, før Neoplasma i 2011 deltok i «Os Rock City goes Garage» i 2011.

Neoplasma delte scene med blant andre Razika på Søfteland Rock N LOL same år, og fekk for alvor sparka festen i gang denne kvelden. I 2013 kom dei på 4. plass i «Emergenza» på USF Verftet.

Lager sleppefest på «Inside»

Bandet blei starta i 2008 og gav same år ut EP-en «Die With A Smile». I 2011 var dei aktuelle med debutalbumet «Tumor of Hate», fredag slapp dei sitt andre album, «Watch The Fire».

– Til no har vi fått fin feedback, blant anna via Indigoboom, som har stått for den digitale lanseringa.Vi har òg blitt spelt litt på radio, blant anna på P3 og Symphonium Metal Radio.

– Denne gong har vi ambisjonar om også å trykka på vinyl, men det er førebels ikkje i boks, fortel vokalist Patrick Gaassand.

Bandet består, forutan vokalisten, av Ivan Rolstad (trommer), Christer Havsgård (gitar), Martin Aarland (gitar) og Jørgen Omre Larsen (bass).

– Patrick skriv tekstane, melodiane lager vi saman, fortel Jørgen.

Fredag 27. januar er det sleppefest på Inside Rock Café i Vaskerelven i Bergen. Som support har Os-bandet med seg «Ashes of her Memory» frå Sund.

Meir live i 2017

– Vi har ikkje spelt live sidan oktober 2015. I 2016 blei det lite øving, mesteparten av tida gjekk med til innspeling, mix og matsring, seier Christer.

Det meste er spelt inn i Os, mens trommene er spelte inn i Tomtom Studio. «Tor Ninja» har fungert omtrent som eit sjette medlem i bandet, og tatt både miksing, mastring og laga musikkvideoen til låta «Imperium» frå albumet som blei sleppt fredag.

Sjå musikkvideoen til «Imperium» , som blei lansert (YouTube) i november 2016.

– No når vi har nytt materiale, og vi er veldig nøgd med det nye albumet, er vi òg klare for å spela konsertar igjen. Målet er å få spelt mest mogleg i 2017, også å få reist litt rundt i Noreg og gjerne til utlandet.

Albumet, som blant anna er å finna både på Itunes og Spotify, består av ni låtar på norsk og engelsk.

Tracklist:
1. Unite
2. Communication Fail
3. Alt Som Var
4. Watch The Fire
5. Mezmerise
6. Chaos
7. Imperium
8. Distanse
9. Avgang

Tittelsporet ligg på Soundcloud.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.