Lokal | 03. juni 2016
Nyt finvêret
Sydenstemning i Mobergsvikjo fredag ettermiddag, med temperaturar opp mot 30 grader. Resten av helga blir like bra.
Kari M. Lyssandfredag 03. juni 2016 15:54
Då Midtsiden var nede i Mobergsvikjo fredag ettermiddag var det sydlandsk stemning og det kokte av badeglade born og solhungrige osingar.
Vêrmeldingane lovar godt for resten av helga og neste veke óg, i følge Storm.no blir det strålande sol og 21 grader både laurdag og sundag.
Frå måndag av ser det ut til at temperaturane kan synka litt, men godvêret held fram til og med torsdag.
Så det er berre til å finna fram sommarklærne og nyta solskinet.