Lokal | 10. juli 2014

Nynorsk gjev betre karakter

Elevar som har nynorsk som hovudmål har lågare strykprosent og får betre karakterar enn bokmålselevar syner undersøking frå Fylkeskommunen.

Nynorsk gjev betre karakter
Os gymnas (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 10. juli 2014 08:33

Hordaland Fylkeskommune oppsummerte i byrjinga av juli karakterane frå dei vidaregåande skulane i fylket.

Dei fortel klart at nynorskelevar gjer det betre enn dei som har bokmål som hovudmål.

Tal viser at når det gjeld standpunktkarakterar i alle faga samla, har elevane eit gjennomsnitt på 4,04. Til samanlikning har bokmålselevane fått 3,93 i gjennomsnitt.

Lågare strykprosent

Også strykprosenten på standpunkt er lågare for dei som har nynorsk som hovudmål; 1,13 mot 1,94 for bok-målselevar. Når det gjeld kor mange seksarar som er blitt delt ut, har nynorskelevane hanka inn 8,13 prosent seksarar, medan bokmålelevane sin del seksarar er 7,71 prosent.

På eksamen gjer også nynorskelevane det betre enn bokmålselevane. Her er karaktersnittet 3,58 (nynorsk) mot 3,48 (bokmål). 4,11 prosent av nynorskkarakterane som blei gitt var stryk mot 5,68 bokmål. Det blei delt ut 7,24 prosent seksarar til nynorsk-elevar mot 6,36 prosent til bokmålselevar.

Om lag 25 prosent av elevane i den vidaregåande skulen i Hordaland er nynorskelevar.

– Fleire bør velje nynorsk

– Her har vi gode argument for å velje nynorsk som språkform i skulen. Dette burde auke rekrutteringa til nynorsk, seier Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Kvifor nynorskelevane gjer det betre, er ikkje lett å seie.

– Det er vanskeleg å peike på heilt bestemte årsaker. Når vi fører resultata tilbake til kommunane der elevane våre er folkeregisterført, ser vi mange typiske bygdekommunar høgt på lista. Det kan ha noko med stillinga til norskfaget og norskopplæringa i bygdene å gjere. Snittet for bokmålsbrukarane er sjølvsagt sterkt påverka av tala for Bergen, og dette er ein kommune med mykje meir samansette utfordringar enn dei fleste andre kommunar, påpekar Heggheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.