Lokal | 27. jan. 2013

Nykommar med mykje ansvar

Søndagsportrettet: Eirik André Hesthamar melde seg inn i Os Frp to dagar før nominasjonsmøtet til kommunevalet i 2011.

Nykommar med mykje ansvar
Eirik Andrè Hesthamar (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandsundag 27. jan. 2013 11:34

-Eg har alltid vore "Frp-ar", men hadde ikkje tenkt på å bli politisk aktiv før eg fekk ein telefon frå Terje (Søviknes, journ anm) rett før valet, fortel Hesthamar.

- Eg må jo seia at eg vart smigra av at ordføraren ville ha meg med på laget.

Mange jern i elden

Eirik André er 33 år og jobbar som prosjektleiar i IT i Inwido Norway. Han er frå Lekven, men bur no i Øyane saman med kona Torill og borna Oliver, Tuva og Maria.

- Vi hamna i Øyane for vi fekk tilbod om tomt der av svigerfar min. Då eg var yngre skulle eg i vertfall ikkje bu i Øyane, seier han med eit smil.

- Men eg angra ikkje på valet, eg trivst og har fått meg eit fint nettverk.

Eirik André har mange jern i elden både som kommunestyrerepresentant, leiar av tenesteutvalet, leiar for styringsgruppene til både kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og omsorgsplanen.

I tillegg er han leiar i Øyglimt idrettslag, der han òg er medtrenar for tre av fotballlaga.

Det blei for spennande

- Har du alltid hatt lett for å engasjera deg?

- Ja eg har nok det, og så liker eg ikkje å seia nei.

– Tidlegare har eg vore med i styret til både Os Turn Fotball og Søre Neset Idrettslag.

Under kommunevalet klarte Eirik André å klatra heile 31 plassar, frå 37 til 6. plass.

- Då eg såg at eg hadde blitt valt inn i kommunestyret så lovde eg at eg berre skulle vera kommunestyrerepresentant. Men, det blei for spennande, og eg tok verva for eg har tru på at eg kan gjera ein god jobb for kommunen.

- Korleis er oppskrifta på å sjonglera jobb, politikk og familie?

- Den oppskrifta har eg enno ikkje, men eg jobbar med saka. Frivillige verv kan lett bli altoppslukande og då kan det fort gå utover familien.

– Eg prøver å vera meir til stades når eg er saman med familien, at eg er flink å legga vekk jobb og politikk når eg er heime. Meir tid til familien er vel eit mål eg stadig strekkjer meg etter.

Møtte seg sjølv i døra

Det at han var prosjektleiar for utemiljøet ved Søre Øyane skule, trur han kan vera ei årsak til at han blei ønska inn i politikken.

Men han blei også kjent som ein av frontpersonane i saka for å forbetre rammevilkåra for dei private barnehagane i Os. Dei blei høyrd av kommunen, men no får Eirik Andrè sjå saka frå andre sida av bordet.

- I barnehagesaka, føler du at du møtte deg sjølv i døra?

- Ja, som politikar har det vore vanskeleg å vera frontfigur for barnehagesaka, for det er snakk om mykje pengar som ikkje finnest. Det har eg funne ut no, og det er nok den største aha-opplevinga eg har hatt sidan eg kom inn i politikken.

– Eg har ikkje sleppt barnehagesaka, men det er meir komplisert no når eg ser heile bildet.

Lov å vera ueinig

- De er fleire unge politikarar i Os som ikkje er redd for å vera synlege, kva betyr dei andre unge kollegaene for deg?

- Ja, vi er fleire unge, både i posisjon og opposisjon, og det er veldig bra at vi engasjerer oss i lokalpolitikken. Eg meiner det friskar opp debattane og påverkar synspunkt.

- Korleis er det å vera nykomar i eit parti med fleire etablerte politikarar, ordføraren sjølv inkludert?

- Det har gått veldig bra. Eg føler eg har påverknadskraft, men eg syns òg det er viktig å lytta til dei meir erfarne.

– Men sjølv om Terje er ordførar og har mykje erfaring, så er det lov å vera uenig med han, og han lyttar. Eg syns vi er heldig som har Terje, han er ein fantastisk politikar som bryr seg om lokalsamfunnet og får ting til å skje.

Ei vanskeleg sak

- Kva meiner du blir viktige saker i 2013?

- For min eigen del så blir det barnehage og skule, for ein god start på utdanningsløpet er heilt uvurderleg for våre små. Etter skuffande resultat på Nasjonale prøvar 2012 blir det viktig å setja meir fokus på kvalitet og resultat i skulane våre.

– Ferjefri E39 og trasèvalet er eit viktig tema som kjem til å få mykje merksemd i 2013. Her er det mange forskjellige meiningar både innad i partiet og ellers.

- Når vi er inne på E39, har du gjort deg opp ei meining om trasèvalet?

- Det er ei vanskeleg sak, og eg trur nok ikkje vi lokalt har så mykje å seia om val av trasé. Sjølv om eg har ei formeining om kvar eg står i saka, har eg bestemt meg for å lytta med åpent sinn på det som kjem fram på temamøtet i kommunestyret på tirsdag.

– Kva formeining eg har vil eg ikkje ut med før møtet.

Borna er viktigast

- Kva vil du seia er dine hjartesakar?

- For meg er lokalpolitikk viktig for å gjere det betre for borna som veks opp her. Det er jo dei som skal bera landet vidare. Det viktigaste vi har er borna, og dei treng gode vilkår.

– Og så er eg opptatt av lokalidretten, spesielt fotballen, som alltid har vore ein viktig del av livet mitt.

- Du er enno ung og har mange år foran deg i politikken og ellers. Kor ser du deg sjølv om ti år?

- Eg har ei rekkje mål som eg ønsker å realisere i åra som kjem, og eg er veldig målbevisst i å realisere desse. Om 10 år er eg ein bedriftsleiar som har klart å balansere ambisjonar med familielivet.

5 på rappen:

1. Fortell ein ting om deg sjølv som få eller ingen veit om.
- Det er ikkje mange som veit at eg til tider har ei kort lunte.

2. Kva slags lesestoff føretrekker du?
- Eg er veldig opptatt av å lesa om tankesett, korleis vi ser på ting. Akkurat no les eg boka "Rich dad, poor dad" av Robert T. Kiyosaki.

3. Då du var liten, kva ville du bli når du blei stor?
- Fotballproff på Liverpool.

4. Korleis er den perfekte frikvelden?
- Det må vera tacokveld og gullrekka på TV saman med Torill.

5. Om kunne gå tilbake i tid og gje eit råd til den yngre deg, kva ville det ha vore?
- Då ville eg ha råda meg til å ikkje seia ja til alle tilbod, og vera meir bevisst på kva eg engasjerer meg i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.