Nyfødd føl avvist av mor
Lisbeth Moberg er på desperat jakt etter ei mor til denne unge hoppa.
– Det er visst ganske spesielt, veterinæren hadde aldri høyrd om noko liknande, seier Lisbeth Moberg.
Ho visste at mora hadde adferdsvanskar, men valte å få ho bedekt.
– Mora er fødd her hos meg og har ei god stamtavle, men ho har alltid vore vanskeleg. Ho er god på travtrening, men ikkje på løp. Sidan ho ikkje er brukande i trav så sto valet mellom å skyta ho eller sjå om ho kunne brukast til avl.
– Kanskje det å bli mor kunne endra ho, tenkte eg, men sånn gjekk det dessverre ikkje.
Skulle hatt mat sju gongar i timen
Søndag midt på dagen blei følet fødd. Lisbeth måtte gå mellom mora og følet for at ikkje ho skulle skada det.
– No står vi i ein fortvilt situasjon. Vi har klart å mjølka mora litt, men det er òg ein kamp. I tillegg er det travelt å gje mjølk til følet. Følet skulle normalt ha amma sju gongar i timen dei første dagane.
Lisbeth har valt å gje følet mat kvar time i starten, og no gått over til annakvar time. Natt til i dag unna ho seg heile fire timar samanhengande søvn, for neste veke, når ho skal på jobb, har ho ordna med venar som går på skift.
Får eggeplomme og Sana Sol
Frå oppdrettar har Lisbeth fått oppskrift på morsmjølkerstatning.
– Den inneheld H-mjølk, vatn, havregyn, eggeplomme, druesukker og og Sana Sol.
– Heldigvis elskar følet det! Men det er ikkje ideelt, verken i matvegen eller at ho blir så knytt til menneske. Det blir ikkje hest av eit føl som følger deg som ein hund.
Søkjer reservemamma
Lisbeth og venane har både undersøkt lokalt og lagt ut etterlysing etter reservemamma på ulike hesteforum i Hordaland og Rogaland.
– Om det er ei hoppe som har mista følet sitt så hadde det passa bra for følet mitt. Men i så fall hastar det, ei hoppe mistar mjølka si i løpet av fire dagar.
I mellomtida, mens følet går på H-mjøk og druesukker, har Lisbeth tatt ein gamal vallak, Gull-Per, som har steppa inn for å gje følet omgang med andre hestar.
– Gull-Per ser beitesesongen forsvinna i det fjerne, no må han vera onkel fram til vi eventuelt finn ei ny mamma til følet.
Den biologiske mora blir gitt opp, ho har få dagar igjen.