Lokal | 15. jan. 2016

Nyerådmannen på plass

Nytilsett rådmann Christian Fotland har sin første arbeidsdag på rådhuset fredag.

Nyerådmannen på plass
Ordførar Terje Søviknes (Frp) ønskja nytilsett rådmann Christian Fotland velkomen fredag morgon (foto: Simen Soltvedt, Os kommune)
Andris Hamrefredag 15. jan. 2016 09:27

Christian Fotland, som blei tilsett som ny rådmann i Os kommune på det siste kommunestyremøte før jul har i dag sin første arbeidsdag på rådhuset.

Då Midtsiden snakka med Fotland etter at tilsettinga var klar i desember fortalde han at han går til jobben med store forventningar.

– Eg forventar å møta ein profensjonell organisasjon. Det er gjort veldig mykje bra og spennande arbeid over tid i Os. Det har eg som mål å halda fram med. Utfordringa vert kanskje å dra Os-samfunnet enno vidare i positiv retning. Alle organisasjonar har utviklingsmoglegheiter, og eg vil leita etter og finna desse i Os, var programerklæringa Fotland gav då.

Fotland blei ønskja velkommen til kommunen av ein nøgd og forventningsfull ordførar Terje Søviknes (Frp) fredag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.