Sport | 20. des. 2012

Nye trenarar på Søre Neset

Vidar Bahus gjev seg etter éin sesong som trenar for Søre Neset. No står tre andre klare til å styra laget opp igjen i 5. divisjon.

Nye trenarar på Søre Neset
Thomas Halhjem (t.v.) blir spelande trenar for Søre Neset neste år. Trenarjobben deler han med Bjarte Arentzen og Stian Kvåle. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. des. 2012 11:35

Søre Neset har etter sesongslutt vore på jakt etter nokon som kan overta etter Vidar Bahus, og denne veka kom ny trenarkabal på plass.

Bjarte Arentzen skal saman med Thomas Halhjem og Stian Kvåle leia Søre Neset i 2013.

Arentzen har fartstid som trenar for damelaget til Søre Neset og herrelaget saman med Frank Haugland for 4-5 år sidan. Halhjem, som jobbar som lærar på fotballgymnaset på Os blir spelande trenar og dei to får med seg Stian Kvåle, som har følgt laget tett i mange år.

– Eg blei spurd om å overta som hovudtrenar, men har ikkje tid til å vera åleine om oppgåva. Derfor har vi no ei gruppe som skal jobba saman om å leia laget i 2013, seier Bjarte.

Han fortel om godt oppmøte på trening no før jul og god vilje til å kjempa seg opp igjen i 5. divisjon.

– Men det krev at vi er mange nok, ikkje berre i vinter, men gjennom sesongen. Vi treng ein sterk og stor stall for å koma oss opp igjen, spesielt sidan vi har ein del gode spelarar som jobbar offshore, og av og til må erstattast, seier Bjarte Arentzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.