Nye Os kai
Os kai har blitt større, tryggare, høgare – og lågare enn den førre.
Innkjørsla til Os kai, Oseana og Os Sjøfront har fått asfalt og i desse dagar kjem dei siste borda på skjørtet til nye Os på plass.
– Vi har også bestilt to punkt for landstraum og to vannpostar for spyling og bunkring, seier Tor Inge Døsen frå Os kommune.
– I tillegg skal kaien også få parkbelysning i same stil som nye-moloen og den komande promenaden framfor Os Sjøfront.
25 meter (!) lange pælar
Os kai er rusta opp som del av utbygginga mellom gjestebrygga og Mobergsvika. Kaien der del av innkjøringa til Oseana og Os Sjøfront.
– Vi har hatt spesialistar inn under gamlekaien og rusta opp dei gamle pælene. Ein jobb til over ein million kroner.
I tillegg har det kome nye pæler, 25 meter lange.
– Dei måtte ned på kote minus 23 før dei trefte fjell.
– Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis kaibyggarane på 30-talet klarte å pæla så godt til kaien som no nesten er 100 år gamal.
Mindre fall - større høgde
Den gamle kaiplata har fungert som forskaling til den nye kaiplata. For ikkje å få for mykje fall frå vegen og ned på kaien er den nye kaien blitt 60-70 centimeter høgare.
– Enkelte har reagert på dette. For nokre av dei eldre båtane, som MS Midthordland, kan dette vera ei ulempe, at dei på fjære sjø må bruka stige for å koma seg ned i båten.
Men indre del av kaien, der det er treverk, er kaien éin meter lågare.
– Når ikkje det ligg yrkesbåtar her blir denne fin for fritidsbåtar, med anna høgde, anna lukt og litt klukkelyd frå dei få bølgjene som ikkje moloen har skjerma dei vekk ifrå.
Det er framleis litt fall ned til kaien, rundt 1:100, for at vatn skal renna av.
Kva kjem på innsida?
Medan det tidlegare var avkjørsle ned til ei stor, open kaiplate er det no meir tydeleg kva som er kai og kva som er veg.
Vegen til Oseana går no i ein boge, med nytt fortau, og med eit lite areal på innsida av svingen ut mot Mobergsneset.
– På innsida av svingen kjem eit lite grøntareal som bli ved sidan av den inste av bustadblokkene som er regulert inn langs Mobergsbakken.
Får asfalt til ungdomsskulen
– Sjølv om delar av kaien no har fått ein definert veg er det betre plass på nyekaien, fleire bilar kan stå og ta imot last no i forhold til før.
Blant dei første tenestene den nye kaien blir brukt til er levering av asfalt til den nye vegen inn til den komande ungdomsskulen på Nore Neset.
– Vegen skal asfalterast i agust og det er mest lønsamt at denne asfalten kjem sjøvegen, seier Døsen.