Nye lys - nytt tre
Os sentrum blir i desse dagar pynta med 357 meter med nye lyslenker. I dag kom årets gran på plass, fredag tenner lysa.
Os Sentrumsforening har, med økonomisk støtte frå Os kommune, erstatta dei over 10 år gamle julelysa på Osøyro med nye lenker.
– Det blir 20 lenker, dei fleste på 13-14 meter, til saman 357 meter med nye julelys over gatene, seier leiar for Os Sentrumsforening, Geir Amundsen.
I lenkene heng til saman 60 nye stjerner som Os Elektro i desse dagar monterer.
Risiko nr 1: Lastebil
Tre gongar i fjor blei lyslenker skadd eller riven ned av lastebilar.
– I år heng vi lenkene litt høgare, i tillegg skal det koma skilt om maks kjørehøgd i sentrum. Det kom nokre litt for høge bilar inn i fjor.
Gran frå Ulven
I dag blei julegrana sett på plass på Torget.
– Grana er henta ved motocrossbanen ved Ulvenvatnet, fortel Bjørn Moberg frå teknisk drift.
Det 12,5 meter høge treet skal no pyntast med lys, som skal tennast etter fakkeltoget fredag.
Os Musikkforening speler på Torget under julegateopninga i sentrum.