Nye etasjar på Lunde
Det siste betongdekket på tilbygget ved barneskulen er no på plass.
I april starta grunnarbeidet, før ferien byrja Hordaland Bygg og Eiendom AS å reisa tilbygget på Lunde.
– Grunnen var meir krevjande enn venta så vi kom nokre veker bak skjema. No bruker vi ferdigbygde modular på nokre av veggane for å henta dette inn igjen, og det fungerer veldig fint, seier anleggsleiar Haakon Anderssen.
Tilbygget har lengde på 66 meter og breidde på 14 meter (924 kvm per etasje).
Bygget får tre etasjar, der to av dei skal innreiast og bli tatt i bruk i første trinn. Som nye Lysekloster barneskule bygger Os kommune for enkel utviding i eit trinn to når behovet er der.
– I tillegg blir det nokre kvadratmeter i fleire etasjar i bygget som skal kopla den gamle skulen saman med tilbygget.
I brakker frå 1986
Til skulestart i august 2017 skal Lunde barneskule endeleg få betre plass. Dei eldste brakkene som fungerer som klasserom er frå 1986, dei nyaste er frå 2011.
– Vi driv skulen i same rom som før bygginga starta, men har ein del mindre uteareal, fortel rektor Elin Skaatun.
Ho ser veldig fram til å ta nybygget i bruk. Den nyaste av dei to brakkeriggane skal då fjernast. I dag er det fire klassar som har rom i dei to brakkeriggane.
Auka med 30 elevar i haust
Frå førre skuleår til skulestart no i august auka elevtalet med 30.
Lunde barneskule har no 327 elevar.
– Det blei ikkje fleire klassar, vi har toparallellar på alle trinn, men klassane er no større,
Kastar ballen tilbake
– Der utfordringane er størst er logistikken når foreldre skal køyra og henta ungane. Med anleggstrafikken og færre parkeringsplassar må alle partar ta omsyn, og det har gått fint til no, seier Skaatun.
Anleggsleiar Anderssen synest òg at byggearbeidet ved skulen går fint, trass tett trafikk i periodar og mange elevar rett ved byggeplassen.
– Berre vi er nokolunde raske med å kasta tilbake fotballar som går over gjerdet så går det fint. Elevane har vore flinke med å halda seg der dei skal i friminutta.