Næringsliv | 23. feb. 2013

Nye Best er snart ferdig

I romjula opna verkstaden, i går opna den nye vaskehallen. – Det blir like fint som vi har drøymt om, seier Rolf Tveit, og viser oss innsida av den nye stasjonen.

Nye Best er snart ferdig
Rolf Tveit i disken på den nye verkstaden ved Best-stasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. feb. 2013 09:33

Bildeserie:

Best-stasjonen ved Byvegen byrjar å ta form. (Foto: KVB)
Best-stasjonen ved Byvegen byrjar å ta form. (Foto: KVB)
Den nye verkstaden opna 3. juledag 2012. (Foto: KVB)
Den nye verkstaden opna 3. juledag 2012. (Foto: KVB)
Fredag opna den nye vaskehallen. (Foto: KVB)
Fredag opna den nye vaskehallen. (Foto: KVB)
– Hallen er heile 2,86 høg og lever opp til namnet sitt, seier Rolf. (Foto: KVB)
– Hallen er heile 2,86 høg og lever opp til namnet sitt, seier Rolf. (Foto: KVB)
Butikken er nesten ferdig og opnar rundt påske. (Foto: KVB)
Butikken er nesten ferdig og opnar rundt påske. (Foto: KVB)
Kjøleskapa er allereie på plass. (Foto: KVB)
Kjøleskapa er allereie på plass. (Foto: KVB)
I motsett ende av kassane kjem eigen tippe-avdeling. (Foto: KVB)
I motsett ende av kassane kjem eigen tippe-avdeling. (Foto: KVB)
Før opninga skal den gamle kiosken rivast. (Foto: KVB)
Før opninga skal den gamle kiosken rivast. (Foto: KVB)
1 av 8

I januar i fjor starta arbeidet med å bygga ny Best-stasjon ved Byvegen nær Os sentrum.

Les òg: Best opp ein etasje

Søskena Helga, Sonja og Rolf gler seg til å få fire gongar så stor boltreplass, og mekaniker Rolf er allereie i sving i ny verkstad.

– Vi fekk opna verkstaden 3. juledag, med stor plass og topp moderne utstyr, blant anna ein sjeldant kraftig bukk, den første i sitt slag monter i Noreg.

– Det blei akkurat som eg hadde drøymt om, og det trur eg resten av stasjonen også blir, seier Rolf.

Vasslekkasje og høg bilvask

Planen var å opna resten av stasjonen, med Best-butikken, i slutten av mars. Ein større vasslekkasje sette oss tilbake, men vi har framleis håp om å ha nyopning rundt påske.

Fredag blei ein liten merkedag i byggeprosessen, då opna den nye vaskehallen.

– Den har ei høgde på heile 2,86 meter, den høgaste vaskemaskina for bil i Os, berre fem vaskehallar i Bergen har like stor takhøgd, ifølgje Rolf.

– Det er ein Rolls Royce av ein automat og høg nok til å ta både minibussar og dei største varebilane.

Ny storkiosk med sunn mat

Best-stasjonen er frå før kjent for eit ekstra godt utval av ferske lunsjrettar, rask, men sunn mat langs vegen.

– I den nye butikken vil vi auka utvalet, blant anna med eigen salatdisk.

Butikken er nesten ferdig bygd, med tak, veggar og kjøleskap på plass.

Kassane blir i motsett ende som i dag, medan heile den gamle kiosken blir riven. I den andre enden kjem tippe-avdelinga med stolar og bord for dei som vil prøva lykken eller følgja med på hesteløp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.