Lokal | 16. juni 2017

Nybygg i Vognhallen snart klart for opning

Ei ny kulturstove på 155 kvadratmeter blir innvia søndag om ei veke.

Nybygg i Vognhallen snart klart for opning
Fasaden med glas måtte dei venta litt på, men no er Os Kulturutvikling berre ei god veke unna opning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2017 14:22

Bildeserie:

155 av 700 kvm i Vognhallen er no bygd inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
155 av 700 kvm i Vognhallen er no bygd inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Resten av hallen er open og klar for symposium. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Resten av hallen er open og klar for symposium. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På utsida, under tak, er det passasje for forbipasserande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På utsida, under tak, er det passasje for forbipasserande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

Vognhallen, som var ein hall for togvogner då Nesttun-Osbanen var i drift (1894-1935), er 70 meter lang og nesten 10 meter brei.

I sørenden er ein knapp fjerdedel no bygd inn.

• Les meir om prosjektet: Godt i gang i Vognhallen (frå februar 2017)

Bygget er 155 kvadratmeter stort, isolert og med varme i golvet, og inneheld toalett og bod, men skal elles vera eit stort, ope rom for allbruk, med kjøkkenkrok i eine enden.

– Vatn og straum er på plass. No gjenstår ein del montering av utstyr før alt er klart til bruk, seier Arne Mæland frå Os Kulturutvikling.

Måndag blir det asfaltering rundt nybygget.

Opningsseremoni med inviterte gjestar

Nybygget skal vera ferdig til søndag 26. juni. Då blir det opning, men i det forholdsvis vesle lokalet er det for inviterte gjestar.

– Vi skal ha utstilling, presentasjon av skulptørane til symposiet, som startar dagen etter, og eit musikalsk innslag.

• Les òg: Ti dagar til start for årets symposium

– Gjestane er blant anna handverkarane som har bygd dette for oss og sponsorane.

Men allereie dagen etter, og dei neste 11 dagane, kan kven som helst koma innom.

– Kulturstova blir open under heile symposiet, mens skulptørane står utanfor og jobbar. Dei skal ha lunsjen sin i stova, men det blir ope heile dagen så det er berre til å koma innom på ein kopp kaffi, seier Mæland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.