Lokal | 25. okt. 2012

Ny vår for Bjørnefjordsregionen?

Lesarinnlegg, Terje Raunsgard: Med kyststamveg gjennom Fusa vil næringsliv og busetnad i Os, Fusa og Samnanger kunna veksa saman til ein sterk region.

Ny vår for Bjørnefjordsregionen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2012 15:12

Noreg er inndelt i ulike regionar som Sunnhordland, Hardanger, Hordaland vest og Bjørnefjordsregionen. Regionane har i større eller mindre grad formalisert og uformalisert samarbeid. Bjørnefjordsregionen – Fusa, Os og Samnanger - har ikkje ein overordna organisasjon som t.d. Sunnhordlandsrådet er for Sunnhordland. Historisk har det vore mykje samkvem i Bjørnefjordsregionen fordi fjorden band oss saman. I dag er fjorden eit hinder. Likevel har me i stor grad m.a. ein felles arbeidsmarknad. Politisk og administrativt har det også utvikla seg formalisert samarbeid som t.d. felles landbrukskontor.

Dei store byane og området rundt har stor vekst. I Bjørnefjordsregionen er det Os som har hatt størst nytte av dette og er av dei kommunane i landet som har hatt størst folketalsvekst. Fusa og Samnanger har i mindre grad fått del i denne veksten. Det er all grunn til å gratulera Os med at dei har greidd å utvikla veksten positivt. Os har klart å ta vare på bygdekommunen, men har samtidig tatt opp i seg det urbane. For oss naboane er det særleg kjekt at Os i dag står fram med eit kulturtilbod som er eit godt alternativ til Bergen - med Oseana som det kulturelle flaggskipet.

Når no Os får nye veg til bydn, er det lagt eit viktig grunnlag for vidare vekst og utvikling for Os. Med det utgangspunktet at Bjørnefjordsregionen m.a. har ein felles arbeidsmarknad, så er det som er godt for Os også godt for nabokommunane. Ny veg frå Os til bydn er med andre ord også viktig for Fusa.

MEN når me så kjem til neste store vegprosjekt i regionen – ferjefri kyststamveg – då er Os ueinig med naboane om traseval. Os vil ha bru over Bjørnefjorden, medan Fusa står på den indre traseen.

E39 er ein nasjonal stamveg mellom Kristiansand og Trondheim og skal vurderast som det. Det er likevel slik at mesteparten av trafikken går mellom knutepunkt på deler av vegen. Det er t.d. berre 7% av trafikken som kjem frå sør som skal nord om Bergen. Difor har stamvegen også ein viktig lokal og regional effekt. Hordaland fylkesting hadde som eit viktig moment i sitt vedtak om NTP og E39, fylgjande formulering: ”..å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrkt regional utvikling.”

La oss sjå på kva innverknad dei to traseane vil ha på Bergensregionen og Bjørnefjordsregionen spesielt.

Midtre trasé med bru over Bjørnefjorden

Lyseparken er sikra med ny veg til bydn. Forlenging av vegen ut i Bjørnefjorden vil i liten grad vinna ”nytt land” på Os. Skal ein døma etter innlegg i Os & Fusaposten og folkemøte, så vil det heller verta ei folkeopprør mot dei miljøinngrep traseen vil ha på Bjørnefjorden og ikkje minst rundt traseval for ilandføring. Ordførar Terje Søviknes sa på folkemøte at vegen gjev viktig synergieffekt for Osbygda totalt sett. Det trur eg han har rett i, men det aller meste av den synergieffekten vil ein få også om vegen går om Fusa og til Os.

Eit hovudproblem med brualternativet er at det gjev svært liten effekt på eit av dei viktige momenta til Fylkestinget: ”..bidra til regionforstørring og regional utvikling.” Frå Os, over Bjørnefjorden til Stordøya er det om lag 2 mil i luftline. Synergieffekten i Bjørnefjorden er det vanskeleg å få auga på. Reksteren er eit sårbart kystområde med store natur- og kulturminneinteresser. Også her er det vanskeleg å tenkja seg vesentleg utvikling av næring og bustad. Effekten av ”regionforstørring og regional utvikling” vil ikkje slå inn før du kjem til Stord. Det vil sei at om lag halvparten av vegen er ein rein transportetappe som gjev lite og ingen lokal innverknad. Vidare utvikling av næring og bustad vil i stor grad vera knytt til Stord og Bergen sør / Os.

I Bergen og nærområda er det venta ein folketalsvekst på 100 000 fram mot 2030. I resten av regionen er det venta ein folketalsvekst på 50-60 000. Ein stor del av denne veksten er venta på Stord. Til samanlikning har Trondheim i dag 177 000 innbyggjarar.

Som ein fylgje av denne folkeveksten har Business Region Bergen rekna ut at det er behov for 13 500 da nytt næringsareal. Næringslivet i Bergen ynskjer næringsareal innan ½ time reisetid. (Tall frå BRB sin rapport om Behov for næringsareal i bergensregionen, 2011)

Hordaland fylkeskommune ynskjer næringsutvikling knytt til regionsenter som Os og Leirvik, eller langs hovudvegane.

Os har i dag ein folketalsutvikling mellom dei høgaste i landet. Bergen har problem med å skaffa nok areal både til bustad og næring. Kystsamvegen over Bjørnefjorden vil forsterka desse problema av di den ikkje løyser ut nytt areal til bustad og næring.

Indre trasé gjennom Fusa

Kyststamvegen over Tysnes, Fusa til Os vil skapa vesentleg meir areal for å løysa dei vekstutfordringane Bergensregionen står ovafor. Asplan Viak har laga ein oversikt over reisetid frå Os med kyststamveg gjennom Fusa. Innan ½ time kjem du nesten til Tysse, til Hardangerfjorden og godt og vel til Baldersheim. Til Eikelandsosen er du på om lag 15 minuttar. Det er om lag same reisetid om du tek utgangspunkt i Rådalen.

Mykje av næringsutviklinga i Bergen skjer i dag i Bergen sør. Med Lyseparken vil dette bilde forsterka seg. Valet er om vidare utvikling sørover skal skje på Stordøya, eller som ei naturleg forlenging sør og aust i Bjørnefjordsregionen?

Kyststamveg gjennom Fusa vil føra til ein liten revolusjon for Bjørnefjorden. Området vil stå fram som ein kompakt region med nærleik til Bergen. Både Fusa og Samnanger vil kunna få ta del i den utviklinga Os så langt har vore åleine om. Os vil kunna vidareutvikla seg til eit sterkt regionsenter for Bjørnefjordsregionen. Med bru over Bjørnefjorden vil Os snarare bli eit regionsenter for Bjørnefjorden.

Sett frå Fusa er det ikkje tvil om kva me ynskjer. Me ser berre positive verknadar av at Os får høve til å vidareutvikla seg til eit sterkt regionsenter. Det vil styrkja utviklinga også i Fusa. Det går også andre vegen. Å gje Fusa høve til å utvikla seg, vil styrkja regionsenteret Os.

I tillegg til dette kjem sjølvsagt den stor fordelen at heile midtre og indre Hordaland vil bli knytt enno tettare saman. Reisetida til Bergen vert redusert med ½ time for heile dette området.

15 minuttar

Tilhengjarane av brualternativet meiner at 15 minuttar spart reisetid er verdt ein meirkostnad på 6 mrd. Dei 15 minuttane må også vurderast opp mot Sjøforsvaret sin bruk av Bjørnefjorden og ikkje minst kostnadane med miljøutfordringar både på sjøen og ilandføring av bru. Det viktigaste valet vil likevel vera om ein ynskjer ei utvikling som forsterkar noverande areal- og vekstproblem i Bergensregionen, eller om ein ynskjer ein vegtrase som kan vera med på å løysa desse problema.

Os vil uansett vera ein vinnar i dette om ein ser på høve til folketalsvekst og utvikling. Med kyststamveg gjennom Fusa vil næringsliv og busetnad i Os, Fusa og Samnanger kunna veksa saman til ein sterk region. Det vil bli ein ny vår for Bjørnefjordsregionen.

Eikelandsosen, oktober 2012

Terje Raunsgard

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.