Næringsliv | 04. juli 2011

Ny utviding på Kuven

– Den er lita, men populær, seier Inger Botnevik om den nye hytta på Kuven Farm Camping.

Ny utviding på Kuven
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. juli 2011 08:07

Sommaren 2009 starta Inger Botnevik ein liten campingplass på garden på Kuven.

Campingplassen ligg idyllisk til på garden mellom Os sentrum og badelandet Osbadet, og blei fort ein populær plass, spesielt for forbipasserande, utanlanske turistar.

– Vi har folk frå fleire land, vi hadde gjestar frå 14 ulike nasjonar det første året, fortel Inger.

Besøkstalet meir enn dobla seg frå 2009 til 2010. I fjor hadde den nystarta vesle campingplassen 50 som skreiv seg i gjesteboka, dei fleste av desse representerte seg og minst éin gjest til, så det sama besøkstalet var nok oppe i godt over 100.

– Det er nederlendarar vi har flest av, sykkelturistar i 40-årsalderen som blir verande i to netter er mest vanleg hos oss.

Ikkje berre butikk

Inger har inntrykk av at mange europearar reiser på ferie på svært magre budsjett.

– Vi hadde blant anna nokre gjestar frå Polen, to venninner som jobbar som lærarar. Dei pruta på leige av teltplass.

Inger, som sjølv er lærar, let dei få plassen til redusert pris. Då dei sa dei skulle vidare til Bergen spurte ho om dei trudde dei fekk sova i Bergen til 50 kroner natta.

– Dei skjønte at det kunne bli vanskeleg, så eg sa dei kunne få låna hytta vår på Bontveit gratis. Dei var to kjekke damer og hytta sto tom likevel.

Dei to kvinnelege sykkelturistane blei verande på hytta ei heil veke.

– Det er godt å kunna hjelpa av og til, eg driv ikkje med camping for å bli rik, seier Botnevik.

Utvida med ny hytte

Før sesongstart i fjor hadde Inger klar nytt servicebygg med toalett og vaskemaskin i tilbygg på hennar og mannen Olav sitt bustadhus på garden.

I tillegg til gjestefasilitetar i kjellaren hadde Botnevik fått eit lite loft som kunne leigast ut til overnatting.

– Slike små krypinn er populære blant teltturistar, eg trur dei synes det er godt å koma under tak og i ei god seng av og til.

Husværet blei populært og no har Inger fått ei ny hytte å leiga ut.

– Denne hytta blir brukt som skur når gutane våre sel juletre i Os sentrum. No har Olav oppgradert den og fått innreiing på plass. Hytta er mobil og blir kjekk å tilby gjestar no i sommar, seier Inger Botnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.