Ny utstilling hos Floriss
Kunstutstilling i blomebutikk har i periodar vore god butikk for kunstnarane. No har Bente Haugland rigga opp hos Floriss på AMFI Os.
Floriss, som opna på AMFI Os etter at Fjord'n Blomster la ned, har supplert utvalet med ulike typar kortreist kunst.
Les òg: Røynde blomsterdamer
Mona Sørstrønen Holko og assisterande butikksjef Silje Haugland Rangset opna butikken på seinsommaren i fjor, og før jul hadde dei første kunstnar på plass.
Keramikkparet Thorild og Atle Haugland selte så mykje at dei fleire gongar måtte koma med påfyll. På nyåret blei resten av utstillinga tatt ned og skulptør Arne Mæland fekk sendetid i blomebutikken på senteret.
– Vi har ulike lokale kunstnarar som lager i ulike materialer og prisklassar. Vi ser at fleire stoppar opp og studerer utstillinga, enkelte kjem innom berre for å sjå på kunsten, seier Silje Haugland Rangset.
– At det i periodar også blir selt ein del er bonus og veldig kjekt, synest ho.
Bilde og porselen frå Bente
No er ny utstilling på plass, denne gong er det Bente Haugland som stiller ut.
– Bente har fått på plass bilde og porselenskoppar. Ho syr spennande og humoristiske bilde av dyr og menneske.
Ho har sidan hennar første separatutstilling, som var i 1986, drive som tekstilkunstnar.
Bente bur i Os og har atelier i den gamle stasjonsbygningen i sentrum. Kunsten hennar er blant anna å sjå på biblioteket, der ho har eit stort bilde med tittelen "Prinsessen på erten".
Ho har også hatt fleire større utsmykkingsoppdrag, blant anna ei fem meter høg hovudutsmykking av Ål kulturhus.