Ny tid for Mobergsdilten
Mobergsdilten feirar 5-årsjubileum med nytt tidtakingsutstyr og håp om rekorddeltaking.
Onsdag 29. mai arrangerar friidrettsgruppa i Os Turn Mobergsdilten for femte året på rad.
– Vi har hatt ei årleg auking i antal deltakarar frå 15-20 det første året til rekorden på 69 i fjor.
– Målet er sjølvsagt å slå den rekorden i år, smiler Lillian Bøhmer i styret i friidrettsgruppa.
Løypa startar nede i fjøra i Kuvågen og går til toppen av Mobergslia, ei strekning på 2 kilometer.
– I tillegg er det ei kortare løype på éin kilometer kor starten er litt lengre oppe i vegen, men alle skal møta til start nede i Kuvågen, forklarar Bøhmer.
Ny klokke
Ei utfordring for arrangørane har vore å få tatt tida på deltakarane, då dei ikkje har hatt ei skikkeleg tidtakingsutstyr.
– No er skikkeleg utstyr på plass, takka vere Rolf Årseth i Kulur barnehagane som har sponsa oss.
– Løpet går jo rett forbi Kulur Kuvågen barnehage, så det passar jo bra at dei er ein av sponsorane våre, fortel ei takksam Bøhmer.
Klassane ein kan konkurrera i er under 7 år, 7-10 år, 11-12 år, 13-15 år, 16-17 år, 18-19 år, senior og veteran.
– Påmelding kan ein gjera i Kuvågen frå klokka 17.30 eller ved å sende meg ein e-post på førehand.
Auka medlemstal
Nytt utstyr på lenge stått på ønskelista til friidrettsgruppa.
– Vi har dei siste åra hatt ei stor auke i antal medlemmar.
– Eg håpar jo at alle medlemmane våre, og medlemmar i andre lag og organisasjonar melder seg på til onsdagens løp.
– No når utstyret er på plass hadde det vore kjekt å settja ny deltakarrekord, avsluttar Lillian Bøhmer med eit smil.
Ein av dei Midtsiden har fått signal om kjem til å stilla er fjorårsvinnar Håvard Austevoll, som òg har løyperekorden på dei to kilometerane med motbakke på 8.15.20 satt i 2011.