Brann og beredskap | 18. juni 2023
Ny terrengbrann mellom Os og Samnanger
Fare for at fylkesveg blir stengt igjen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. juni 2023 13:47
– Det er fare for at fv 579 mellom Os og Samnanger blir stengd, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 13.42.
Årsaka er sløkking av terrengbrann i Rolvsvåg.
Det er truleg i same terreng som skogbrannen tidlegare i veka, fem kilometer inn i Samnanger frå kommungrensa til Bjørnafjorden.
110-sentralen (brannvesenet) har foreløpig ikkje gått ut med ny melding i dag, men skreiv laurdag ettermiddag at det hadde blussa opp igjen brann i same område som dei sløkte frå onsdag til fredag.