Fotball | 29. aug. 2015
Ny storsiger til Os 2
Er oppe i 64 mål på 13 kampar etter 9-0-siger over Laksevåg.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. aug. 2015 09:54
Førre helg tapte dei toppkamp borte mot Askøy (4-1), i går var Os 2 i støtet igjen.
Dei held seg på 2. plass og posisjon til opprykk etter målkalas på Kuventræ.
Os 2 – Laksevåg 9-0 (4-0)
Målskårarar: Anders Havsgård 2, Ådne Onarheim 2, Tom Gabriel Rondestveit 2, Sander Kvittingen, Fabian Bødtker og eit sjølvmål.
Askøy har 34 poeng og leiar serien, Os 2 har 25 poeng og ligg 2 poeng framfor Dale, som har spelt éin kamp meir enn dei to topplaga.
Neste kamp for Os 2 går borte mot Hovding, som Os 2 slo 7-1 i vår.