Ny spesialordning hos BIR
Os, som er den BIR-kommunen der det blir kasta nest mest farleg avfall, fekk i dag nytt mottak.
Osingane er flinke på kjeldesortering og kastar i snitt 7,84 kilo med farleg avfall i året per innbyggar. Berre Samnanger med 25,46 kilo (!) per innbyggar kastar meir batteri, spelolje og anna boss som krev spesialhandtering.
– Vi sorterer alt farleg lavfall i kategoriar. Det som er nytt er at vi no tar veging, registrering og sortering ute i mottaket, seier kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal.
Avdelinga for farleg avfall i Kolskogen er frå i dag utrusta med betjent mottak, vekt og data med kunderegistrering. Skal du kasta farleg avfall må du vera registrert kunde.
400 gratis kilo i året
På same måte som det no blir registrert kor mykje avfall kvar hushaldning har i spannet sitt blir det no også registrert kor mykje farleg avfall du kastar. Årsaka er blant anna prisen.
Farleg avfall er, som elektronikk, papp og plast, gratis å kasta. Men det er ei maksvekt å halda seg til.
Kvar hushaldning kan kasta inntil 1000 kilo i året, dei første 400 kiloane er gratis.
– Dette kan bli auka som resultat av forslag om endring. For bedrifter gjeld eigne takstar, fortel Skudal
BIR sin tredje
Etter å ha kjørt Askøy som pilotfekk Vaksdal tilsvarande mottak. Kolskogen i Os er BIR sin tredje med betjent mottak med registrering og sortering, Samnanger er neste som får tilsvarande løysing.
– Vi er tidleg ute som renovasjonsselskap med denne metoden. No har vi til ei kvar tid oversikt over kor mykje vi har av kvar type avfall ute på anlegga. Dette gjer drifta meir effektiv og arbeidsplassen tryggare og betre.
Ein betre kvardag
Ordninga gjer også at BIR Kolskogen får auka utgifter med drifta. No må dei til ei kvar tid ha minst tre personar på vakt.
– Vi har sju tilsette, nokre av dei i redusert stilling. Den samla mengda med besøk for kasting av avfall aukar frå år til år. 25.000 besøk i fjor var ny rekord, i år passerer vi nok 27.000 besøk, seier stasjonssjef Fredrik Egenæs.
– Det skal bli godt å få skikkeleg orden på denne avdelinga. På travle dagar der vi er mange ute ved kontainerane har det hendt at vi har kome tilbake til ei rotete og uoversikteleg avdeling for farleg avfall, gjerne med opne behaldarar med spelolje eller uidentifisert innhald, fortel kollega Morten Erikssen.
Prøvde å bli første kunde
Ein annan kollega, Frode Sirevåg, gjorde i dag eit forsøk på å bli første registrerte kunde i det nye mottaket. Han hadde fri frå jobb og tok med seg eit lite batteri og ei aldri så lita utfordring til kollegaene sine, ein tynnar han bruker når han jobbar som hobbymalar.
Kollegaene fann etterkvart ut korleis tynnaren skulle sorterast, men å registrera Frode, som har adresse i borettslag, gjorde at han måtte registrerast via BOB.
Underteikna måtte steppa inn og blei kjapt registrert med eige kundekort. Om eg har gløymt kortet neste gong eg skal kasta spesialavfall så finn dei meg på namn.
Os kan få brukthall
Er du glad i gjenvinning og har inntrykk av at folk kastar fullt brukande ting? Det er ei oppfatting BIR deler. Likevel har du ikkje lov å ta med deg ein kommode eller ein sykkel som du eventuelt finn når du sjølv er og kastar boss.
– Det er av og til vanskeleg å seia nei når nokon ber om å få ta med seg noko som alle ser er fullt brukande, men vi har ikkje lov. Å kasta noko er ei privatsak, vi har rett og slett ikkje lov å gje vekk noko andre har slengt i kontaineren, fortel Erikssen.
Men det finst ei løysing andre plassar som også ein dag kan bli aktuelt for Os.
– Det heiter «brukthall». Der kan folk setja frå seg ting dei meiner er brukande, for eksempel møblar, verktøy eller ski, og andre kan koma gratis og henta. Vi har slike brukthallar fleire plassar, og får fleire nye når vi no oppgraderer gjenbruksstasjonane på Osterøy, Sund og Fusa.
– Når desse tre er oppgradert vil vi sjå om Os også kan få, seier Tina Skudal.