Sykling | 29. aug. 2022

Ny rullepark opna i dag: – Vi kunne ikkje venta lenger

Rektor gav grønt lys, elevane jubla.

Ny rullepark opna i dag: – Vi kunne ikkje venta lenger
God stemning då elevane fekk lov å ta i bruk det nyasfalterte løypenettet. (Foto: Nore Neset barneskule)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. aug. 2022 14:05

Før helga skreiv vi om trippel innspurt i og rundt Nore Neset idrettslag sitt anlegg.

Midlertidig bruksløyve på ny hall kom torsdag, i dag kunne ungdomsskulen ta tre nye klasserom i hallen i bruk.

Tysdag blir første trening, mens to utandørs padeltennisbanar skal stå klar til helga.

Mellom fotballbanane og Nore Neset barneskule er det bygd ein rullepark med til saman 190 meter med asfaltert løypenett.

Fredag var det asfaltering, tysdag og onsdag skal siste rest av torv og gras leggast på plass langs asfalten.

– Elevane var veldig gira på å ta rulleparken i bruk, vi kunne ikkje venta lenger, seier rektor Børge Lunde.

I dag blei rulleparken opna for bruk.

Rektor takka Hesthamar, kultureininga og Os Hageservice. (Foto: Nore Neset barneskule)
Rektor takka Hesthamar, kultureininga og Os Hageservice. (Foto: Nore Neset barneskule)

Lunde sto for opninga, og takka idrettslaget for framifrå samarbeid.

– Utan idrettslaget sitt initiativ hadde dette aldri sett dagens lys. Dei har greidd å skaffa finansiering, dei har hatt kapasitet til å prosjektera banen, og dei har jammen meg klart å vera anleggsleiarar i heile byggefasen.

– Alle ære til idrettslaget som er med å byggja oppvekstmiljø her på Nore Neset, sa Lunde, og avslutta med å gi dagleg leiar i idrettslaget, Eirik André Hesthamar ein blomebukett.

Det er Tom Leonsen på kultureininga og Os Hageservice som har teikna og bygd banen. Dei fekk også ros av rektor.

Rullebanen på Nore Neset er den første av sitt slag i Bjørnafjorden kommune, og hovudfinansieringa kjem frå Sparebankstiftelsen SR-Bank.

Nærmast alt som rullar er lov, men ikkje med motor eller el-motor. (Foto: Nore Neset barneskule)
Nærmast alt som rullar er lov, men ikkje med motor eller el-motor. (Foto: Nore Neset barneskule)

Lunde seier han er svært nøgd med resultatet.

– At det blei eit løypenett i staden for ei rundløype gjer jo rulleparken endå meir spennande for ungane. Vi ser dessutan at dette kan bli ein arena for litt undervising av trafikkreglar.

Dette var eit populært terreng for leik, noko som ikkje er øydelagt av ny løype.

– Leikeområdet er no betre drenert og endå lettare tilgjengeleg. Vi trur elevane vil få mykje større glede av dette området, både på og ved sidan av banen.

– Er det laga reglar og bestemt turnus på kva klassetinn som får bruka rulleparken i dei ulike friminutta?

– Vi har laga nokre reglar, og vil no ha elevrådet med på å laga desse ferdig.

– Ein enkel regel i starten er kva retning det er lov å rulla, og at det er lov med både sykkel, sparkesykkel, skateboard og rulleskøyter.

– Men ikkje elsparkesykkel eller andre framkomstmiddel med motor eller el-motor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.