Næringsliv | 18. sep. 2017

Ny restaurant nesten klar til opning

– Her kan vi bli gamle, seier ekteparet Lei og XiaoBo, som har flytta til Os og snart er klar med eigen restaurant i Brugata.

Ny restaurant nesten klar til opning
Ekteparet Lei Zhang (t.v.) og XiaoBo Wen flytta til Os i august. I starten på oktober opnar dei restaurant i Brugata. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. sep. 2017 13:56

Bildeserie:

Det meste av restauranten er ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det meste av restauranten er ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kinesisk kunst og kjole med 100 år gamal tradisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kinesisk kunst og kjole med 100 år gamal tradisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gardiner, utstyr og drikke er blant det som manglar. (Foto: KVB)
Gardiner, utstyr og drikke er blant det som manglar. (Foto: KVB)
Opningsdato blir truleg 5. oktober. (Foto: KVB)
Opningsdato blir truleg 5. oktober. (Foto: KVB)
1 av 4

I sommar fortalde vi om selskapet Wen & Zhang AS, eigd av ekteparet Lei Zhang og XiaoBo Wen, som er ny leigetakar i Brugata.

Wen og Zhang kjem frå Shanghai og vil opna kinarestauranten Rice Restaurant i det 190 kvadratmeter store lokalet som tidlegare har husa interiør og frisør.

– Det ser kanskje ferdig ut, men det står ein del ting igjen. Det er detaljar, men viktige detaljar, frå toalett og gardiner til kjøkkenutstyr og drikkeleveransar, seier Lei Zhang.

Ho og mannen siktar seg no inn på å kunna opna om drygt to veker, torsdag 5. oktober.

Nye innbyggarar i Os

Ekteparet flytta frå Shanghai i Kina til Lillehammer og seinare Bergen i 2009. Lei har hovudfag i økonomi og data, XiaoBo er utdanna kokk og har jobba innan faget sitt i nesten 30 år.

– Det har vore mange reglar å setja seg inn i, og mykje papirarbeid for å få alt klart. Her har vi heldigvis fått god hjelp av norske venar.

Ekteparet flytta til Os 1. august. Dei retta seg etter kinesisk eittbornspolitikk og bur i Os sentrum saman med dottera si, som går på Os ungdomsskule.

– Restauranten blir vårt andre born. Vi ønskjer å gjera det så bra som mogleg med meny og drift. Førebels ser det bra ut, vi er veldig nøgde med korleis lokalet er innreia.

– Korleis er det å bu i Os?

– Stille og fredeleg, samanlikna med Bergen, der vi budde nær Bybane-traseen. Før gjekk eg tur for å sjå sjøen, no ser eg sjøen heile tida. Vi blir nesten bortskjemde, og det blir ikkje så mykje turgåing når vi no ser rett på fjorden både heime og til og frå restauranten.

– Folk er også veldig hyggelege. Vi ser for oss at dette er ein plass vi kan bu til vi blir gamle.

Kinesiske spesialitetar

Restaurantlokalet ser ferdig ut og vindauga er ikkje dekte til.

– Vi får mange spørsmål om kor tid vi opnar, både av folk som går forbi lokalet og frå folk vi møter i Os. Også dottera vår opplever at mange har fått med seg at det kjem kinarestaurant til Os.

Til saman leiger restauranten 190 kvadratmeter og får sitjeplassar til rundt 50 gjestar. Dei vil òg by på takeaway. Lokalet er ferdig møbler, blant anna med kunst frå både Noreg og Kina, og ein kjole med tradisjon frå siste keiser i Kina, Qing-dynastiet (-1911).

– I starten kjem typiske bestseljarar på menyen. Etterkvart vil gjestane få nokre spesialitetar, kinamat slik vi et den i Kina. Men allereie frå start vil gjestane kunna velja kor smakrik og sterk maten skal vera.

– Det er lenge sidan det har vore kinarestaurant i Os, og vi håper folk har sakna denne typen mat. Men vi er sjølvsagt spente på kor mange gjestar vi får.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.