Ny rekord!
Krafttak mot kreft: Russen ved dei to vidaregåande skulane i bygda sette ny innsamlingsrekord.
For russen har det blitt ein tradisjon å bidra i kreftforeninga sin aksjon "Krafttak mot Kreft". Onsdag gjekk snaut 100 russ for Os Gymnas og Os vidaregåande skule med bøsser i bygdo.
- Vi sette ny rekord, jublar PR-sjef Fredrik Gjerdevik.
Årets aksjon gav 78.346 kroner på bøssene. Med det samla dei inn vel 12.000 meir enn i fjor.
Godt mottatt
Sjølv om russen ikkje rakk innom alle husværa i Os blei dei godt tatt i mot der dei kom.
- Stemninga og gjevargleda var stor, fortel Gjerdevik.
Årets aksjon går til forskning på kreftformar kor overlevingsprosenten er låg. Kreft i lunger, spiserøyr og bukspyttkjertelen er blant dei tre kreftformane ein no vil intensivera forskninga på.
Bidra til å kurera kreft
Om du ikkje fekk besøk av russen, men ønskjer å bidra kan du:
- Senda ein sms med KMK til 2277 og gje 50 kroner
- Ringa 820 43 743 og gje 100 kroner
- eller setja inn det beløpet du ønskjer på konto 1503.07.66056