Ny regjering vil halvera ferjeprisane
Slagsvold Vedum stadfestar yttarlegare kutt i ferjeprisane.
I går fortalte VG at komande regjering vil kutta ferjeprisane kraftig, og viste til dei to partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) etter Hurdal-forhandlingane.
– Vi ønsker å halvera ferjeprisane i Noreg. I øysamfunn utan anna veg enn ferje blir overfarten gratis, det same gjeld ferjesamband med færre enn 100.000 passasjerar i året, seier Trygve Slagsvold Vedum til VG.
Dei halverte prisane skal kom i tillegg til avtroppande regjering sine planar om kutt i revidert nasjonalbudsjett.
Innføringa av halvering og gratisferje skal skje gradvis gjennom regjeringsperioden. Staten reknar med at halvering av ferjeprisane vil kosta rundt 1,2 milliardar i året.
Bergens Tidende har intervjua Bjørn Lande i pendlarforeininga på Tysnes.
Han fortel at fleire frå Tysnes kjøpte ein ekstra bil og leigde parkeringsplass på Halhjem, for å unngå å ta ferje, etter at innføring av autopass i 2020 sendte prisane opp frå 165 kroner til 224 kroner per veg.
Fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp) seier til BT at enkelte familiar kan spara så mykje som 45.000 kroner i året når ferjeprisane blir halverte.
Fedje er blant sambanda i Vestland som blir gratis.