Kultur | 05. jan. 2016

Ny pris til Aurora

Først blei ho nominert til to spelemenn, så fekk ho GAFFA-prisen 2015 som årets norske soloartist.

Ny pris til Aurora
Aurora Aksnes er kåra til Årets norske soloartist (foto: AH)
Andris Hamretysdag 05. jan. 2016 15:34

Tysdag 5. januar må vera ein god dag å vera Aurora Aksnes frå Lysefjorden på. Under offentleggjering av årets nominerte til spillemannsprisen blei ho nominert i to kategoriar - Årets låt og Årets nykommer & Grammy-stipend.

Litt seinare blei det kjend at Aurora har blitt Årets norske soloartist, kåra av lesarane av musikkmagasinet GAFFA.

Det er fjerde gong magasinet lar lesarane fortelje kven dei meiner har vore dei beste artistane gjennom året.

Her er alle prisvinnarane:
Årets Norske Album: Comet Kid - Forces Of Nature
Årets Norske Gruppe: Comet Kid
Årets Norske Soloartist: AURORA
Årets Norske Nykommer: Fay Wildhagen
Årets Norske Hit: Susanne Sundfør - Delirious
Årets Utenlandske Album: Adele - 25
Årets Utenlandske Gruppe: Tame Impala
Årets Utenlandske Soloartist: Adele
Årets Utenlandske Nykommer: Years & Years
Årets Utenlandske Hit: Adele - Hello

Her kan du sjå magasinet sitt videointervju med Aurora.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.