Ny opningsdato for Empire
Ting byrjar endeleg å bli klart for den nye uteplassen i Os sentrum.
Han hadde plan om å opna påskeaftan, Catten-eigar Bjarte Andersen, som med Empire i Telthuskvartalet får sin andre utestad i Os.
No er brannalarm og ansvarsrett på plass og søknad om bruksendring til nattklubb er sendt inn.
– Uavhengig av behandling av denne kan vi opna laurdag 5. august, seier Bjarte Andersen.
Det var nemleg ikkje behov for bruksendring for å skjenka til 2 (ope til 2.30), då det tidlegare var regulert for servering. Om nattklubb blir godkjent blir det servering til klokka 3.
Ein plass for yngre vaksne
Empire får fast aldersgrense 18 år og maksgrense på 25 år.
Samtidig som Empire opnar vil loungebaren på Catten auka aldersgrensa til 25 år, mens resten av Catten har 20-årsgrense.
– Vi har opp gjennom åra fått nokre tilbakemeldingar på at vaksne og yngre ønskjer å treffa jamgamle. No er vi spente på om det stemmer, at dei under og over 25 vil gå oftare ut når dei no har sine eigne plassar. Samtidig vil mesteparten av Catten vera open for alle over 20 år.
Startar med to travle helger
Den nye utestaden, Empire, skal i utgangspunktet berre vera open om laurdagane, mens fredagane blir stengt eller reservert for lukka lag, for eksempel bursdagar og arrangement for komande russ som lager fest for å tena pengar til feiringa til våren.
– Opningshelga er fredagen booka, mens laurdagen er open for alle. Helga etter har vi ope for alle både fredag og laurdag, då dette er same helg som Osfest og truleg ekstra mange som vil ut på fest eller ha ein plass å gå etter konsertane, seier Andersen.
Tysdag har han personalmøte med dei tilsette på den nye staden, torsdag hentar han nytt anlegg i Stavanger.
– Alt er klart til opning. Er vi heldige så blir bruksendringa godkjent, då kan skjenkeløyvet til nattklubb tre i kraft, at vi får ha ope til 03.30 frå første dag.