Ny og større peparkakebygd i Os sentrum
I år får publikum koma inn: Arrangørane har fått låna lokalet Apotek 1 i fjor flytta ut av.
Tradisjonen med peparkakebygd i Os sentrum held fram. Den vesle peparkakebyen var utstilt første gong i Vindu mot Fjorden i 2008, i rålokalet som ABO i dag har kontor.
Seinare har det blitt invitert til å levera bakte hus blant anna til utstilling i S. Tvedt sitt lokale og, i fjor, der Os Blomsterservice heldt til på Torget.
– Vi fekk jo veldig mange fine og koselege peparkakehus til førre utstilling, og den var fin å sjå på gjennom vindauget, men vi er veldig glade for at vi i år har fått eit lokale som er så stort at folk igjen kan få koma inn og sjå, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i Os kommune.
Peparkakebygda er eit samarbeid mellom Os kommune og Os Sentrumsforening. Dei takkar Askvik-brørne for velvilje og lån av det rundt 300 kvadratmeter store lokalet i Brugata, der Apoteket heldt til i 39 år.
Håper «alle» vil baka og bygga
I fjor kom det flotte hus frå både proff og amatør, barnehagar, skular, privatpersonar og bedrifter.
– Vi håper det blir sånn i år òg. Vi sender invitasjon til barnehagar og skular, men alle er velkomne å bidra. No når det er mogleg å koma inn og sjå, er det kanskje endå meir stas å levera peparkakehus - å vera med å bygga ei stor og flott peparkakebygd.
Utstillinga skal opna under fakkelfredagen 29. november. For å ha tid til å bygga utstilling, vil Os kommune og Os Sentrumsforening ha husa i hus innan måndag 25. november.
– Opningstider utover i desember kjem vi tilbake til. Vi er i dialog med nokre lag og organisasjonar som kanskje vil hjelpa oss å ha utstillinga open så mykje som mogleg ettermiddag og helg fram til jul, seier Stine.