Næringsliv | 04. jan. 2019

Ny næringssjef er tilsett

Elin Bryn Thorsen overtar etter Daniel Skotheim.

Ny næringssjef er tilsett
Elin Thorsen byrjar i jobben som næringssjef 1. april i år. (Foto: Pressefoto/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. jan. 2019 12:58

I september blei det kjent at næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, hadde sagt seg opp for å byrja å jobba for Lean Konseptutvikling AS.

I november blei søkjarlista til den ledige stillinga gjort offentleg. Denne viste 24 søkjarar, der 5 var anonyme. (Os kommune skreiv først 37, som er feil).

I dag opplyser Os kommune at Elin Bryn Thorsen er tilsett som ny næringssjef.

Thorsen har mastergrad i entreprenørskap og innovasjon fra NTNU, og kjem frå stillinga som fagansvarleg for høgare utdanning i Ungt Entreprenørskap Telemark.

- Dette er ei stor og spennande utfordring, og eg ser verkeleg fram til å ta del i utviklinga av næringslivet i Os og etter kvart Bjørnafjorden kommune. Os er ein av Noregs mest dynamiske kommunar, og framtidsutsiktene er gode med både ny E39 Os-Bergen, Lyseparken og utviklinga av regionsenteret Osøyro, seier Elin Bryn Thorsen i eit intervju med sin komande arbeidsgjevar.

Bryn startar i stillinga 1. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.