Næringsliv | 17. nov. 2016

Ny motebutikk opna i sentrum i dag

Dysvik Clothing kom i mål til planlagt tid - no er det streetwear og italiensk mote i det tidlegare G-Sport-lokalet.

Ny motebutikk opna i sentrum i dag
Dysvik Clothing har opningsdag i Brugata i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2016 11:41

Bildeserie:

Kay André og kona Tanya. (Foto: KVB)
Kay André og kona Tanya. (Foto: KVB)
Luer og caps til gut og jente. (Foto: KVB)
Luer og caps til gut og jente. (Foto: KVB)
Bjarte Nøstdal har snekra innreiinga. (Foto: KVB)
Bjarte Nøstdal har snekra innreiinga. (Foto: KVB)
Solbriller og sko er òg i utvalet. (Foto: KVB)
Solbriller og sko er òg i utvalet. (Foto: KVB)
1 av 4

I starten på oktober fortalte ekteparet Tanya og Kay André Dysvik om planar om å opna butikk i Os sentrum.

– Det har gått fint å bygga butikk, men dagane har gått fort for det har vore så gøy, seier Tanya.

– Vi har fått god hjelp av lokale fagfolk, blant anna Bjarte Nøstdal som har snekra innreiinga for oss, seier Kay André.

Sko, caps og klede

Før opning klokka 11 i dag var det allereie 5-6 kundar i butikken.

– Her, ta eit glas eplemost frå Strandebarm, seier Kay André, nøgd med at alle varene kom til opningsdagen.

– Siste leveranse kom tysdag, så då var det berre til å få på pris og få det i hyllene.

Klede til ungdom og vaksne, caps, luer, solbriller og sko, er i utvalet.

– Vi har fått inn alle merka vi ønskjer, men det kjem endå fleire etter nyttår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.