Sport | 15. nov. 2011

Ny medalje til G16

Gutelaget til Os, som blei kretsmeistrar torsdag, var nær på gull også i Lagunen Fotballfest.

Ny medalje til G16
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 15. nov. 2011 10:07

«Størst i Noreg etter Norway Cup og Sandarcup» skriv arrangørklubbane i Fana om Lagunen Fotballfest.

Vel, førstelaget til Os i gutar 16 hadde ikkje tapt sidan kampen mot det brailsianske stjernelaget Karanba då dei stilte til finale i Lagunen Fotballfest laurdag.

Os tok seg til finale med 7-0 og 9-2 over Flaktveit og Dale i innleiande rundar, 1-0, 4-1 og 6-1 over Lyngbø, Gneist 1 og Fana 3 i sluttspelet.

I finalen venta Fana frå divisjonen over. Det gjorde at Os starta kampen med straffe, men straffskotet gjekk dessverre for Os utanfor.

– Det sto 0-0 til det var to minutt igjen av ekstraomgangane, med golden goal. Eg sto klar til å byta innpå to spelarar så alle dei fem som skulle ta straffe var på banen, då Fana fekk ein corner som eg ikkje trur var corner ein gong, seier trenar Bjørn Mjelva.

– Dessverre skåra dei på denne. Hadde det blitt straffekonk trur eg nok vi hadde vunne.

– Med Frode Øvredal mellom stengene, og ein siger i straffekonk mot Fana tidlegare i år på repertoaret, trur eg vi hadde slått dei om ikkje kampen blei avgjort på golden goal.

Mjelva er likevel veldig nøgd med sesongen til gutelaga og seier spelarane har utvikla seg noko enormt.

Os stilte til saman med tre gutelag. Dei to andre laga vann 1 av 3 kampar i innleiande rundar, noko som ikkje var godt nok til å gå vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.